Hopp til innhald

Adula-Alpane

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Adula-Alpane
fjellkjede
Nokre av toppane i Adula-Alpane: Piz Medel (3210 moh.), Piz Uffiern (3151 moh.), Piz dalla Siala (3023 moh.), Piz a Spescha (3109 moh.)

Foto: Albinfo

Land  Sveits,  Italia
Regionar Graubünden, Ticino, Lombardia
Høgd 3 402 m
Kart
Adula-Alpane
46°29′37″N 9°02′24″E / 46.4936°N 9.04°E / 46.4936; 9.04
Wikimedia Commons: Adula Alps

Adula-Alpane er ei 40-50 km lang fjellrekke i Sveits og Italia. Fjellrekka høyrer til Lepontin-Alpane og når opp i 3 402 meter over havet på fjelltoppen Rheinwaldhorn. Hovudretninga på Adula-Alpane er nord-sør og fjella ligg i kantonane Ticino og Graubünden i Sveits, ein liten del går inn i Sondrio-provinsen i Italia.

Topper[endre | endre wikiteksten]

Dei høgaste toppane i Adula-Alpane er

  • Rheinwaldhorn / Adula / Piz Valragn (3402 moh.)
  • Güferhorn (3379 moh.)
  • Tambohorn / Pizzo Tambò / Piz Tambo (3279 moh.)
  • Grauhorn (3260 moh.)
  • Läntahorn (3237 moh.)
  • Piz Medel (3210 moh.)
Adula-Alpane sett frå vest