Lauvfuglar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Aegithinidae)
Lauvfuglar
Rajalauvfugl, Aegithina nigrolutea Foto: Arpit Deomurari
Rajalauvfugl, Aegithina nigrolutea
Foto: Arpit Deomurari
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Overklasse: Tetrapodar Tetrapoda
Klasse: Fuglar Aves
Underklasse: Neognathae
Overorden: Neoaves
Orden: Sporvefuglar Passeriformes
Familie: Burung Kunyit Aegithinidae
Slekt: Lauvfuglar Aegithina

Fire artar lauvfuglar utgjer den biologiske slekta Aegithina, einaste slekta i familien Aegithinidae i ordenen sporvefuglar. Dette er små fugleartar funne i India og Søraust-Asia. Lauvfuglfamilien er ein av berre tre fuglefamiliar som er endemisk for det indomalayiske økosystemet. Dei var tidlegare gruppert saman med bladfuglar og alvefuglar.

Parklauvfugl, Aegithina tiphia, syng i Hyderabad i India.
Foto: J.M. Garg

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Lauvfuglar er relativt små sporvefuglar, frå 11,5 til 15,5 cm i lengd. Generelt er hannane større enn hoene.[1] Dei kan minne om bylbylar, men medan bylbylar har tendens til å vere avdempa i fargetonar, han lauvfuglar meir sterke farger. Gruppa viser kjønnsdimorfisme i fjørdrakt, der hannane syner sterkare gult og grønt i drakta. I motsetnad til bladfuglar, har lauvfuglar tynne bein, og beina deira er forholdsmessig lengre. Kalleropa er grelle fløytetonar, songane er meir musikalske i menneskelege øyre.[2]

Habitata deira inkluderer akasiakratt, randskog, og tett skog, i tillegg til jordbruksland. Dessutan finn ein parklauvfugl i hagar.[2] Dei er generelt låglandsfuglar og går sjeldan i alpine område i utbreiingsområdet sitt. Dei er generelt særs tett knytt til tre, lever i trekroner, det er berre få rapportar om at av fuglar frå denne familien kjem ned på bakken. Familien er alt i alt standfuglar, men i Vest-India er det somme prov for at rajalauvfugl og parklauvfugl i tørre område er delvis sesongmessige trekkfuglar.[1]

Lauvfuglar et insekt og edderkoppar, som dei søkjer på ytre delar av greiner.[2]

Hos to av artane der åtferda er kjent er spel og paringsleik forseggjort, kulminerer med at hannfuglar hoppar og stig ned som grøne lodottar. Reira er kompakte, opne og tova til greiner med edderkoppspinn. Hoer legg to eller tre egg med rosa flekker og raude og lilla strek. Paret rugar på skift, hofuglane om natta og hannfuglane på dagtid. Rugetida varar i ca. 14 dagar.[2] Begge foreldra syter for mat til ungane.[1]

Tilhøvet til menneske[endre | endre wikiteksten]

Lauvfuglar vil vanlegvis leve nær menneske, til dømes i forstadar til storbyar som Singapore. Dei er stort sett ikkje truga av menneskeleg aktivitet, sjølv om brillelauvfugl er oppført som nær truga av IUCN, og der er tap av habitat grunnen for nedgangen. I motsetnad til mange andre sporvefuglar er ikkje lauvfuglar vanlege som burfuglar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Referansar
  1. 1,0 1,1 1,2 Wells, David (2005), «Family Aegithinidae (Ioras)», i del Hoyo, Josep; Elliott, Andrew; Christie, David, Handbook of the Birds of the World. Volume 10, Cuckoo-shrikes to Thrushes, Barcelona: Lynx Edicions, s. 278–290, ISBN 84-87334-72-5 
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 Mead, Christopher J.; Wells, D. R. (2003). «Ioras». I Perrins, Christopher. The Firefly Encyclopedia of Birds. Firefly Books. s. 507. ISBN 1-55297-777-3. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]