Aelbert Cuyp

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Maas ved Dordrecht, ca 1660
Storfe på eng, ca 1655-60

Aelbert Jacobszoon Cuyp (20. oktober 162015. november 1691) var ein nederlandsk kunstnar, i hovudsak landskapsmålar, som arbeidde i Dordrecht, der han både var fødd og døydde. Han vert rekna som ein av dei fremste nederlandske landskapsmålarane på 1600-talet.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Cuyp vart fødd inn i ei målarfamilie i Dordrecht. Han var son og elev av målaren Jacob Gerritsz. Cuyp og brorson til Benjamin Gerritsz. Cuyp. Farfaren var ein glasmålar Gerrit Gerritszoon Cuyp. Han skal ikkje ha hatt nokon annan lærar enn faren, men var òg påverka av Jan van Goyen.

Cuyp måla mest nederlandske landskap med menneske og dyr, særleg av storfe, men også sjømotiv med båtar. Dessutan måla han stilleben og portrett. I behandlinga av sollyset har Cuyp vorte samanlikna med Claude Lorrain. Trass i at han aldri var i Italia, måla han eit gullskimrande sollys over sine nederlandske landskap som minner om det ein kan sjå ved Mellomhavet og på måleri derifrå. Heimstaden Dordrecht kan ein ofte skimte i bakgrunnen på måleria hans.

Cuyps tidlege landskapsmåleri har vorte blanda i hop med dei faren hans måla, og ein reknar med at dei to omkring 1641 samarbeidde med eit par måleri.

Ein Cuyp-hausse mellom engelske kunstsamlarar mot slutten av 1700-talet er grunnen til at dei fleste av måleria hans gjennom nokre få tiår hamna i engelske samlingar. Berre eit fåtal kom til dei nederlandske musea.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Aelbert Cuyp