Aelius Donatus

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Aelius Donatus avbilda i Nürnbergkrønika

Aelius Donatus levde på 300-talet og var ein romersk grammatikar og lærar i retorikk. Det einaste faktumet som er kjent om livet hans er at han var lærar for Hieronymus.

Donatus var forfattar av ein grammatikk i to delar: Ars minor, òg kalla «den mindre donaten», og Ars major, «den større donaten». Den mindre donaten, som var ei elementærbok, vart mykje spreidd under mellomalderen og vert òg nytta inn i nyare tid.

Han har òg skrive ein delvis ufullstendig kommentar til dramatikaren Terence, kompilert frå andre kommentarar, men sannsynlegvis ikkje i den opphavlege forma si.

Donatus argumenterte for eit tidleg system av interpunksjon, beståande av punkt plasserte i tre suksessivt høgare posisjonar for å indikere suksessivt lengre pausar, som cirka motsvarer det moderne kommateiknet, kolon og punktum. Dette systemet vart nytta fram til 600-talet, då eit meir avgrensa systemet laga av Isidore av Sevilla kom i bruk.

Aelius Donatus må ikkje forvekslast med Tiberius Claudius Donatus, som òg var forfattar av ein kommentar (tolking) av Aeneiden, og som levde kring 50 år seinare.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]