Aerosmith av Aerosmith

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Aerosmith
Studioalbum av Aerosmith
Språk engelsk
Utgjeve 5. januar 1973[1][2]
Innspelt Oktober 1972
Studio Intermedia, Boston, Massachusetts
Sjanger
Lengd 35:48
Selskap Columbia
Produsent Adrian Barber
Aerosmith-kronologi 
Aerosmith Get Your Wings
(1974)


Singlar frå Aerosmith
  1. «Dream On»
    Utgjeve: 27. juni 1973[3][4]

Aerosmith er debutalbumet til det amerikanske rockebandet Aerosmith, gitt ut 5. januar 1973 på Columbia Records.[5] «Dream On», opphavleg gitt ut som singel i 1973, vart ein amerikansk topp ti-hit då han vart gitt ut på ny 27. desember 1975.[6] Albumet nådde 21. plassen på den amerikanske Billboard 200-lista i 1976.[7]

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Etter å ha inngått eit samarbeid med Frank Connelly, inviterte David Krebs og Steve Leber medlemmer av dei to plateselskapa Atlantic Records og Columbia Records  – til å sjå ein Aerosmith-konsert på Max's Kansas City. Clive Davis, presidenten i Columbia, vart imponert over bandet og Aerosmith signerte med Columbia sommaren 1972.

Sjølv om vokalist Steven Tyler hadde vore med i fleire tidlegare grupper, hadde dei fleste av bandmedlemmene aldri vore i eit studio før. Bandet var sterkt påverka av mange av dei britiske blues- og rockebanda frå 1960-åra, inkludert The Rolling Stones, The Beatles, Led Zeppelin, The Yardbirds og Fleetwood Mac.

Komposisjon[endre | endre wikiteksten]

«Dream On» vart òg skrive av Tyler og vart den første store hitten til Aerosmith og ein klassisk rock-radiolåt. Singelen nådde 59. plassen nasjonalt, men vart ein stor hit i heimbyen til bandet i Boston,[8] der han vart årets singel på den mindre kommersielle topp 40-stasjonen WVBZ-FM,[9] femteplassen for året på den høgt rangerte Top 40 WRKO-AM, og nummer 16 på Heritage Top 40 WMEX-AM.[9] Albumversjonen av «Dream On» (4:28, i motsetning til 3:25 på singelutgåva får 1973) vart gitt ut på ny seint i 1975, og debuterte på 81. plassen den 10. januar 1976, kom inn på Topp 40 den 14. februar og nådde ein topp på sjetteplassen på Billboard Hot 100 den 10. april.[10] Columbia valde å betena Top 40-radiostasjonar med ei nyutgjeving av den 3:25 redigerte versjonen, og dermed vart mange popradiolyttarar i 1976 eksponert for den første topp 10-hitten deira gjennom 45-utgåva. Songen er kjend for oppbygginga som endar i eit klimaks for å visa fram varemerke-skriket til Tyler. Songen vart skriven på piano, men innspelinga inneheld eit arrangement med to gitarar, og gitaristen Brad Whitford forklarte til Guitar World's Alan Di Perna i 1997: «Tanken var berre å transkribera det Steven gjorde med venstre og høgre hand på pianoet.» Songen er komponert i tonearten f-moll.[11]

I Stephen Davis sine autoriserte bandmemoarar Walk This Way snakkar Tyler utførleg om opphavet til songane:[12]

  • «Make It» - «Eg skreiv 'Make It' i ein bil på veg frå New Hampshire til Boston. Det er den bakken du kjem til og ser byhorisonten av Boston, og eg sat i baksetet og tenkte: Kva ville vera den største tingen å syngja for eit publikum viss me skulle opna for... Stones? Kva ville teksten seia?»
  • «Somebody» - «'Somebody' voks ut av eit gitarriff som scenearbeidaren vår Steve Emsback pleidde å spela på gitaren sin i William Proud-dagane. Eg tok det og skreiv teksten.»
  • «Dream On» - «Musikken til 'Dream On' vart opphavleg skriven på eit Steinway-flygel i stova i Trow-Rico Lodge i Sunapee, kanskje fire år før Aerosmith starta. Eg var sytten eller atten år... Det var berre ei lita greie eg spelte, og eg hadde aldri drøymt om at det skulle enda opp som ein ordentleg song eller noko... Den handlar om å drøyma til draumane dine går i oppfylling.»
  • «One Way Street» - «'One Way Street' vart skriven på piano i 1325 [gatenummeret til huset der bandet budde], med rytme og munnspel frå 'Midnight Rambler'.»
  • «Mama Kin» - «Ein dag tok eg tak i denne gamle gitaren til Joey Kramer som eg fann i søpla på Beacon Street, ein akustisk ein utan strenger. Han hadde snø på seg og var så skeiv at ein kunne skyta piler med ho. Eg klemde han mellom døra og lét han tørke i ei veke. Eg såg på han i omtrent to dagar, sette fire strenger på han, som var alt som fungerte fordi han var så skeiv... Eg stal opningsmelodien frå ein gammal Blodwyn Pig-song.»
  • «Write Me a Letter» - «'Write Me' var opphavleg 'Bite Me', noko me hadde jobba med i fem eller seks månader med start i Bruins sin garderobe i Boston Garden, men det vart berre ikkje til noko. Så ein dag sa eg: 'Faen ta dette', sa noko til Joey, som byrja å spela ein can-can-rytme-sak, og plutseleg var han der.»
  • «Movin' Out» - «'Movin' Out' var den første songen eg skreiv med Joe, den første opplevinga av å komma opp med noko og seia: 'Ser du? Eg kan gjera det.»"

Innspeling[endre | endre wikiteksten]

Gruppa spelte inn debutalbumet sitt i Intermedia Studios i 331 Newbury Street i Boston i Massachusetts med plateprodusenten Adrian Barber.[5] For det meste er produksjonen sparsam og tørr: to gitarar, bass, trommer, ein songar og av og til piano. Det mest uvanlege ved albumet er kor annleis Tyler høyrest ut samanlikna med albuma som følgde. I sjølvbiografien sin fortel Tyler: «Bandet var veldig anstrengt. Me var så nervøse at då det raude innspelingslyset kom på, stivna me. Me var livredde. Eg endra stemma mi til ein Muppet, Kermit the Frog, for å høyrast meir ut som ein bluessongar.»[13] I 1997 sa songaren til Stephen Davis: «Ja, eg endra stemma mi då me gjorde den siste vokalen. Eg likte ikkje stemma mi, slik ho høyrdest ut. Eg var usikker, men ingen sa at eg ikkje skulle gjera det.»[14] Tyler la til at produsent Adrian Barber var «bra for si tid», men det var som «å vera med eit tilbakeståande barn der inne, og eg er ikkje sikker på om det var fordi han var så høg, eller fordi me alle var det.»[15] I sjølvbiografien sin Rocks er Joe Perry meir kritisk til Barber: «Produsenten vår var praktisk talt ubrukeleg. Han hadde lite å bidra med. Då eg høyrde playbacken, tenkte eg heile tida: 'Me er betre enn dette. Me burde låte betre enn dette. Me blir spelt inn feil. Me høyrest jævla flate ut.' Men fordi eg mangla studiokompetanse til å gjere det annleis, heldt eg kjeft. Men det smerta meg at gitaren min ikkje skar igjennom... Det er magi i den lyden, men berre ikkje den magien eg hadde sett for meg.»[16]

Bassisten Tom Hamilton tilstod seinare: «Albumet vart gjort så fort at eg knapt hugsar noko anna enn at eg overdubba nokre spor og sprang på toalettet for å ta eit slag kokain.»[14] Perry reflekterte: «Me var anstrengde, redde for å gjera feil .... Me var heilt nybyrjarar og ante ikkje kva me skulle gå for.»[15] Samlinga inneheld òg ein versjon av Rufus Thomas-hitten «Walking the Dog», som òg vart spelt av Rolling Stones på deira første LP.

Plateomslag[endre | endre wikiteksten]

På det originale omslaget var songen «Walkin' the Dog» feiltrykt som «Walkin' the Dig». Då ei andre pressing av albumet vart gitt ut, vart denne feilen retta. Ein gong etter juni 1973, men før januar 1975 vart eit tredje omslag trykt. Dette har ein modifisert versjon av originalen, som berre består av biletet av bandmedlemmene, og legg til teksten «Featuring 'Dream On'» og fjernar biografiinformasjonen på baksida. Denne tredje pressinga er den mest tilgjengelege versjonen av LP-en. Cash Box listar ein Aerosmith II-utgiving (Columbia KC 32045) i utgåva 1. februar 1975.[17] Ettersom dette katalognummeret stemmer overeins med ein dato frå juni 1973, er det mogleg at Columbia brukte dette nummeret for å identifisera «Featuring 'Dream On'»-omslaget, men heldt seg til det opphavlege KC 32005-katalognummeret på den faktiske utgivinga. I januar 1975 vart nyutgjevinga av Aerosmith med prefikset «PC», så det kan ha vore ei viss forvirring med omsyn til rett nummer. Då albumet vart gitt ut på nytt på CD i 1993 som ein ommastra versjon, vart det originale kunstverket brukt.

Perry kommenterte plateomsaget i 2014: «Dessverre var innpakninga dårleg. Me såg ikkje eingong omslaget før den første utgivinga. Det var noko som Columbia berre kasta saman.... Heile greia var slurvete. Det markerte starten på utdanninga vår i å handtera etikettar.»[18]

Mottaking[endre | endre wikiteksten]

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic3.5/5 stars[19]
Collector's Guide to Heavy Metal7/10[20]
The Daily VaultA−[21]
The Rolling Stone Album Guide4/5 stars[22]

Albumet vart ingen suksess då det vart gitt ut 5. januar 1973.[5] Til vonbrotet til bandet vart det ikkje meldt i magasinet Rolling Stone. Dessutan gav Columbia ut Aerosmith samtidig med debutalbumet til Bruce Springsteen, som dei gjorde ein større marknadsføring for.[23] Kritikarar samanlikna bandet negativt med Rolling Stones[24] og New York Dolls.[25]

I ei moderne melding for AllMusic skildra Stephen Thomas Erlewine Aerosmith som «eit sant amerikansk band, dei høyrest ut som om dei var det beste barbandet i den lokale byen din, og speler stygg, hard rock». Han rekna «Dream On» som «blåkopien for alle powerballadar» og albumet som ein verdig debut der den «slaskete bluesrock»-stilen deira er fullt til stades, men enno ikkje perfeksjonert som på neste album.[19] Den kanadiske journalisten Martin Popoff skildra albumet som «rått, skittent og gjennomsyra av skitten integritet», men noterte at «kvar etterfølgjande utgiving høyrdest lysår framfor når det gjeld produksjon, låtskriving, modnad, alt».[20]

I eit intervju til Classic Rock fortalde Guns N' Roses-gitaristen Izzy Stradlin: «Då eg voks opp i Indiana, elska eg faen meg Aerosmith. Røyk ein joint, lytt til den første plata.»[26] Aerosmith vart rekna som ein stor innverknad på Guns N' Roses og bidrog til å forma stilen deira.[27]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Steven Tyler, utanom der andre er nemnde.

Side ein
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Make It» 3:41
2.«Somebody»Tyler, Steven Emspack3:45
3.«Dream On» 4:28
4.«One Way Street» 7:00
Side to
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Mama Kin» 4:25
2.«Write Me a Letter» 4:11
3.«Movin' Out»Tyler, Joe Perry5:03
4.«Walkin' the Dog»Rufus Thomas3:12
Total lengd:35:48

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Aerosmith

Andre medverkande

  • David Woodford – saksofon på «Mama Kin» og «Write Me a Letter»

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1976) Plassering
Canada Top Albums/CDs (RPM)[28] 58
US Billboard 200[29] 21

Certification[endre | endre wikiteksten]

Region Salstrofé Salstal
Canada (Music Canada)[30] Platina 100 000^
USA (RIAA)[31] 2× Platina 2 000 000^

^salstala er basert på sertifiseringa aleine
xuspesifserte tal er baserte på sertifiseringa aleine

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. LTD, BubbleUp (5. januar 2022). «AeroHistory: Aerosmith releases debut album in 1973». www.aerosmith.com (på engelsk). Henta 29. april 2023. 
  2. «Aerosmith by Aerosmith». genius.com. 5. januar 1973. Henta 29. april 2023. 
  3. Aerosmith's Greatest Hits (CD booklet). Aerosmith. New York City: Columbia Records. 1993. CK 57367. 
  4. Hung, Steffen (27. juni 1973). «Aerosmith - Dream On». hitparade.ch. Henta 29. april 2023. 
  5. 5,0 5,1 5,2 Wild, David (1991). Pandora's Box (CD booklet). Aerosmith. New York City: Columbia Records. s. 17, 18. C3K 86567. 
  6. Cash Box: 27. desember 1975, side 122
  7. «Aerosmith Chart History: Billboard 200». Billboard.com. Henta 29. april 2023. 
  8. «500 Greatest Songs of All Time: Aerosmith, 'Dream On'». Rolling Stone. 7. april 2011. Henta 30. juli 2018. 
  9. 9,0 9,1 Davis & Aerosmith 1997, s. 195.
  10. «Aerosmith Chart History: Hot 100». Billboard.com. Billboard. Henta 29. april 2023. 
  11. Di Perna, Alan (mars 1997). «Aerosmith». Guitar World (3 utg.) 17. 
  12. Davis & Aerosmith 1997, s. 171–173.
  13. Tyler & Dalton 2011, s. 93.
  14. 14,0 14,1 Davis & Aerosmith 1997, s. 175.
  15. 15,0 15,1 Davis & Aerosmith 1997, s. 174.
  16. Perry & Ritz 2014, s. 117-118.
  17. Cash Box: 1. februar 1975, side 50
  18. Perry & Ritz 2014, s. 118.
  19. 19,0 19,1 Erlewine, Stephen Thomas. «Aerosmith - Aerosmith review». AllMusic. All Media Network. Henta 28. juli 2018. 
  20. 20,0 20,1 Popoff, Martin (October 2003). The Collector's Guide to Heavy Metal: Volume 1: The Seventies. Burlington, Ontario, Canada: Collector's Guide Publishing. s. 17. ISBN 978-1894959025. 
  21. Thelen, Christopher (2019). «The Daily Vault Music Reviews : Aerosmith». dailyvault.com. Henta 16. februar 2019. 
  22. «Aerosmith Album Guide». Rolling Stone. 2004. Arkivert frå originalen 28. juni 2011. Henta 29. april 2023. 
  23. Davis & Aerosmith 1997, s. 181.
  24. Davis & Aerosmith 1997, s. 192.
  25. Davis & Aerosmith 1997, s. 204.
  26. Wall, Mick (juni 2001). «In too deep». Classic Rock (28): 39. 
  27. Stenning, Paul (2005). Guns N' Roses: The Band That Time Forgot: The Complete Unauthorised Biography. Chrome Dreams. s. 95. ISBN 978-1-84240-314-3. «"Our basic root is hardrock, a bit heavier than the Stones, more in a vein like Aerosmith» 
  28. "Top RPM Albums: Nummer 4153b". RPM. Library and Archives Canada. Retrieved 29. april 2023.
  29. "Aerosmith Album & Song Chart History" Billboard 200 for Aerosmith. Prometheus Global Media. Henta 29. april 2023.
  30. «Canadian album salstrofé – Aerosmith – Aerosmith». Music Canada. 
  31. «American album salstrofé – Aerosmith – Aerosmith». Recording Industry Association of America.  If necessary, click Advanced, then click Format, then select Album, then click SEARCH