Aetat

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Arbeidsmarknadsetaten (Aetat) var ein statleg etat i Noreg med ansvar for gjennomføring av arbeidsmarknadspolitikken. Aetat vart avvikla i 2006, då Arbeids- og velferdsetaten vart etablert.

Aetat hadde ansvar for informasjon om arbeidsmarknaden, arbeidsformidling, arbeidsmarknadstiltak og utbetaling av dagpengar og attføringspengar. Bakgrunnen for etaten finn vi mellom anna i arbeidsmarknadskontora, som vart etablerte i dei største byane i Noreg frå om lag 1900. Etaten var frå 2003 styrt med to forvaltingsnivå: Aetat lokal og Aetat Arbeidsdirektoratet.