Afanasij Fet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Afanasij Fet
Fet by Repin.jpg
Fødd 23. november 1820, 1820
Mtsensk uyezd
Død

21. november 1892, 1892 (71 år)
Moskva

Yrke lyrikar, omsetjar, sjølvbiograf, skribent
Sjanger lyrikk
Signatur Signatur
Afanasij Fet på Commons

Afanasij Afanasjevitsj Fet (23. november 182021. november 1892) var ein russisk diktar.

Han hadde ei tysk mor, som forlét ektemannen sin for å gifta seg med adelsmannen Afanasij Sjensjin, og det var frå mora Fet hadde det tyske namnet sitt. Den ortodokse kyrkja nekta å godkjenna han som ein adelsmann på grunn av den uekte fødselen hans, og heile livet kjempa Fet for å få adelstittelen og namnet etter faren.  I 1873 fekk han det etter godkjenning frå tsar Aleksander II, men då var han allereie kjent som poeten Fet, og det er med dette namnet han er hugsa.

Fet var ein forløpar for retningar innan modernismen, med den knappe stilen sin og ein utstrekt bruk av substantiv og adjektiv til fordel for verb. Symbolistar som Bely og Ivanov utvikla dette vidare. Fet trudde på kunsten for si eiga skuld.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]