Afghanarar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Afghanar)
Hopp til navigering Hopp til søk
Afghanarar ved den blå moskeen i Mazar-e-Sharif.

Afghanarar er innbyggjarar av Afghanistan og etterkomarane deira. Ordet «afghan» (dari og pasjto افغان, afḡān) har tradisjonelt vore brukt om pasjtunarar, men kan i dag også visa til dei andre folkegruppene i landet, som tadsjikar, hazarar og usbekar og ei rekkje mindre grupper.[1]

35-55 % av afghanarar har pasjto som morsmål medan 25-50 % snakkar dari (persisk).[2] Dei ulike minoritetsgruppene kan ha usbekisk, turkmensk, urdu, arabisk, balutsji og andre mindre språk som morsmål. Det er vanleg å kunna fleire språk, særleg blant folk som bur i byar.

Det lever rundt 31 millionar afghanarar i Afghanistan eller like over grensa i Pakistan eller Iran.[3] Rundt ein femtedel av desse bur i byar medan resten bur på landsbygda.[4] Her er landbruk den viktigaste levevegen, og fram til 1970-talet var mange afghanarar nomadar eller halvnomadar. Handel og transport er også viktige levevegar.[5]

I andre land bur det mindre tal afghanarar som særleg har drege frå landet på grunn av den urolege stoda der sidan den sovjetiske invasjonen i 1978 og krigane som følgde. Det største talet på afghanarar etter Iran og Pakistan finn ein i Dei sameinte arabiske emirata (ca. 300 000 i 2006), Tyskland (126 334 i 2006) og USA (90 000 i 2013). Ved byrjinga av 2013 var ifølgje SN ein tredel av alle flyktningar i verda afghanarar.[5]

Det store fleirtalet av afghanarar er muslimar. Rundt 80-89 % av befolkninga i Afghanistan er sunnimuslimar, 10-19 % er sjiamuslimar og eit mindra tal er ismailiar. 1 % eller mindre er sikhar, hinduar eller noko anna.[6] Tidlegare religionar blant afghanarar er buddhisme og parsisme. I Nuristan (Hindukush) hadde stammefolk heilt fram til 1890-åra, då dei blei tvangsomvend til islam, eigne religionar som slektar på gammal vedisk gudstru.[5]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Ch. M. Kieffer, «AFGHAN», Encyclopaedia Iranica, Online Edition, 1982, iranicaonline.org.
  2. «AFGHANISTAN v. Languages». Ch. M. Kieffer. Encyclopædia Iranica. Henta 10. oktober 2010. A. Official languages. Paṧtō (1) is the native tongue of 35 to 40 percent of Afghans... Persian (2) is the language most spoken in Afghanistan. The native tongue of 50 percent of the population, it is split into numerous dialects. . Tal frå før 1996. Oppgjeve av Engelsk Wikipedia.
  3. «31,108,077 (July 2013 est.)». Central Intelligence Agency (CIA). The World Factbook. 2010. Henta 12. oktober 2010.  Oppgjeve av Engelsk Wikipedia.
  4. Mohammad Jawad Sharifzada, red. (20. november 2011). «Afghanistan's population reaches 26m». Pajhwok Afghan News. Henta 5. desember 2011.  Oppgjeve av Engelsk Wikipedia.
  5. 5,0 5,1 5,2 Johannessen, Bjørn. «Afghanistans befolkning» (5. april 2014), Store norske leksikon. Henta 8. september 2014.
  6. «Mapping the Global Muslim Population: A Report on the Size and Distribution of the World's Muslim Population». Pew Research Center. October 7, 2009. Henta 3. september 2010. ; Miller, Tracy, red. (October 2009). Mapping the Global Muslim Population: A Report on the Size and Distribution of the World's Muslim Population (PDF). Pew Research Center. Henta 3. september 2010. ; «Country Profile: Afghanistan» (PDF). Library of Congress Country Studies on Afghanistan. Library of Congress. August 2008. Henta 3. september 2010. ; «Religions: Sunni Muslim 80%, Shia Muslim 19%, other 1%». CIA. The World Factbook. Henta 3. september 2010. . Oppgjeven av Engelsk Wikipedia.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Afghanarar
Spire Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.