Afghansk mat

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Afghansk middagsrettar med eit fat tandoorikylling fremst.

Afghansk mat byggjer på dei ulike råvarene ein produserer i landet og på impulsar frå Aust-, Vest-, Sentral- og Sør-Asia og middelhavslanda. Matlaginga er prega av dei mange ulike folkeslaga som har fare gjennom landet og slått seg ned der, og dei ulike afghanske folkeslaga har kvar sine mattradisjonar. Ris, kveite, bygg og mais er lokale kornprodukt som dannar basismat i dei fleste måltid, anten kokt åleine eller i ein rett, bakt til flate brød eller som pasta. Dyreprodukt som jogurt, ost, myse og kjøt frå høns, sau, geit og storfe, eit vidt utval av grønsaker, frukt og nøtter er også viktige delar.[1]

Servering[endre | endre wikiteksten]

Afghansk middag servert til amerikansk militærpersonell i Helmand-provinsen. Måltidet er plassert på ein dastarkhan, og gjestene sit på golvet.
Utdandørs festmåltid med varmrettar, grønsaker og frukt ved ei bruopning i Kunar i 2009.

I Afghanistan et ein tradisjonelt måltid oppå fine teppe på golvet, eller utandørs i varmt vêr. Om vinteren kan ein også samlast rundt eit oppvarma bord kalla sandali. Måltidet blir dekt opp på ein dastarkhan, ein duk eller ei tynn matte. Ein sit rundt måltidet oppå eller inntil puter. Tre-fire personar kan dela eit stort fat med ris som blir eten saman med andre rettar. Ein et med høgrehanda, og vaskar hendene før måltidet med vatn helt frå ei mugge.[1]

Mattypar[endre | endre wikiteksten]

Afghansk brød og pastaretten mantu.

Brød[endre | endre wikiteksten]

Afghanske flate brød som blir steikt på takke eller i ein leireomn og etne ferske, er mellom anna nan, lavash og obi non og dei fylte brødtypane paratha og bolani. Enkle måltid kan ha brød og te som dei viktigaste delane. Brød kan også brukast til å ta maten til munnen med, eller som underlag for ein rett.

Varmrettar[endre | endre wikiteksten]

Ris er statusmat i Afghanistan, og det finst ei rekkje rettar med basmatiris, mellom anna utvikla for det afghanske kongehuset. Til bryllaup og andre festar forventar ein fleire risrettar. To vanlege tilreiingsmåtar er chalao, kvit ris som er forvella og deretter blit bakt med olje, smør og salt, og palao/polao (pilaff), som også blir bakt men med kjøt, kraft, sausar eller anna tillegg som gjev retten farge og smak. Kabuli-palao[2] som kan ha kjøt, rosiner, pistasjnøtter og grønsaker er rekna som ein afghansk nasjonalrett.

Pastarettar omfattar mellom anna manti/mantu, dampa bollar fylte med kjøt og lauk og serverte med litt saus, og ashak, bollar fylte med vårlauk og servert i ein tomat- og kjøtsaus. Tomatsuppa ausj eller āsh med nudlar finst i fleire variantar rundtom i landet.

Det finst talrike supper og stuingar av kjøt og/eller grønsaker. Supper, kjend som tsjorba eller tsjorva, blir typisk laga av sau. Korma eller qorma er ein type stuing laga med lauk og kjøt eller grønsaker.

Andre typiske retter er innbakte kjøtpaiar (sanbūseh),[3] kebab, kofta og tilbehøyr som torshi, chutney og lette salatar.[4]

Mann utanfor ein butikk som sel søte kaker og liknande.

Frukt, nøtter og søtmat[endre | endre wikiteksten]

Større måltid blir avslutta med dessert og så frukt. Tørka frukt og nøtter er spesialitetar i landet, som lenge har eksportert desse varene. Afghanske druer er velkjende, og blir ofte tørka til rosiner. Andre viktige frukttypar er granateple, aprikos og plomme. Firni eller sirni er ein populær, mjuk rispudding som ofte blir gjeven til dessert. Søte mandlar kalla noql er knytte til id-feiringa saman med rettar som halwa-e-swanak, sheer payra og goash-e-feel eller gosh-feel, 'elefantøyrekaker' laga av tynn, frityrsteikt deig med pistasj- og sukkerstrø oppå.[1][5]

Temåltid med brød i Afghanistan.

Drikke[endre | endre wikiteksten]

Te er ein drikk som kan vera ein viktig del av eit måltid. Det blir som regel servert både før ein et og etter eit måltid.[1]

Sjomleh eller sjlombeh er ein jogurtdrikk laga ved å blanda jogurt med vatn, frukt og peparmynte.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 Helen Saberi, Afghan Food and Cookery, inmamaskitchen.com
  2. Qabili Murg Palau, Afghan Kitchen Recipes
  3. «Afghanistan», Encyclopædia Britannica (2011), Encyclopædia Britannica Ultimate Reference Suite. Chicago: Encyclopædia Britannica
  4. Tomato, Cucumber and Red Onion Salad Arkivert 2013-06-03 ved Wayback Machine., Afghan Culture Unveiled
  5. Afghan Cooking, Afghan Kitchen Recipes

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Afghansk mat