Afotisk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Afotisk er eit omgrep som gjeld havdjupna frå 200 meter og nedover, der det ikkje er lys nok for fotosyntesen til plantene. Formelt er sonen definert som djupna der mindre enn 1 % av sollyset når ned. Derfor er bioluminescens den einaste lyskjelda ein finn i denne sonen. Det meste av maten kjem frå daude organismar som søkk ned til botn frå vasslaga over.

Djupna til den afotiske sonen kan vere sterkt påverka av faktorar som turbiditet og årstida. Den afotiske sonen ligg under den fotiske sonen, som er den delen av sjøen som er direkte påverka av sollyset.

Temperaturane kan varierer frå om lag 0 til 6 ºC. Ein finn ofte uvanlege og unike skapningar i dette bekmørke vatnet, som pelikanålar, kjempeblekksprut, marulkar og vampyrblekksprut.

Den afotiske sonen er vidare delt inn i sonane: batyalsone, abyssalsone og hadalsone.[1] Batyalsonen strekkjer seg frå 200 til 2000 m,[1][2] abyssalsonen frå 2000 til 6000 m[1] og hadalsonen frå 6000 m til havbotn.[1] Vesen i desse områda lever i totalt mørke.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 Pinet, Paul R. Invitation to Oceanography. Jones & Bartlett Publishers. s. 294. ISBN 0-7637-5993-7. 
  2. Freiwald, Andre. Cold-Water Corals and Ecosystems (Erlangen Earth Conference Series) (Erlangen Earth Conference Series). Springer. s. 980. ISBN 978-3-540-24136-2.