Afqa

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Koordinatar: 34°4′9″ N 35°53′10″ E
Afqa
Apheca, Afeca, Afka
landsby
Afqa Remains of Temple and Cave.jpg
Afqa-grotta
Land Flag of Lebanon.svg Libanon
Guvernement Libanonfjella guvernement
Distrikt Jbeil distrikt
Høgd 1 200 moh.
Koordinatar 34°4′9″ N 35°53′10″ E
Areal 9,34 km²
Lebanon location map.svg
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Afqa

Afqa eller Afka er ein landsby og kommune som ligg i Jbeil distrikt i Libanonfjella guvernement, 71 km nordaust for Beirut i Libanon.[1][2]

I antikken vart han kalla Apheca eller Afeka, som kan tolkast som «kjelde»,[3] ligg i fjella i Libanon, kring 20 km frå den antikke byen Byblos, som framleis ligg like aust for byen Qartaba.[4] ein av dei flottaste fossane i Midtausten ligg her,[5] i Adoniselva (i dag kalla Abrahamelva eller Nahr Ibrahim på arabisk),[6] som dannar Yammounesjøen, som er knytt til ei segn.[7]

I gresk mytologi vart Adonis fødd og døydde ved foten av fossen i Afqa. Ruinane av det hylla tempelet til Afrodite Afakitis— Afrodite-guden som var særeigen for denne staden—[8] ligg der.[6] Sir Richard Francis Burton og Sir James Frazer tileignar òg tempelet i Afqa til Astarte eller Ishtar (Ashtaroth).[9][10] Afqa ligg mellom Baalbek og Byblos, og peikar mot solnedgang ved sommarsolkverv i Middelhavet. Det er frå Byblos at segna vart fortalt om ei mytisk ark som kom til lands med leivningane etter Osiris. Arka vart sitjande fast i ei myr fram til Isis fann ho og bar ho attende til Egypt.[11]

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Fossen i Afqa er kjelda til Adoniselva og flyt over ei 200 meter høg klippe som dannar eit enormt, naturleg amfiteater.[4] Elva spring ut frå ei stor kalksteinsgrotte i klippeveggen med smeltevatn frå fjella.[4]

Det låg eit stort og gammalt tempel her, der rituell prostitusjon vart praktisert fram til Konstantin si tid.[12] Sir James Frazer meiner det var kong Cinyras som bygde tempelet, som var sagt å ha grunnlagd det for Afrodite.[10] Det vart påbygd i hellenistisk tid av keisar Konstantin den store på 300-talet,[13] og vart delvis bygd om av den seinare keisaren, Julian den fråfalne.[4] Staden vart til slutt frå flytta under regjeringstida til Theodosius I.[4] Massive blokker og fine søyler av syenitt markerer staden på ein terrase som vender mot kjelda til elva.[10] Ruinane av ein romersk akvedukt som førte vatn frå Adoniselva til innbyggjarane i Jebail.[4]

Edward Robinson og Eli Smith slo leir ved staden i 1852 og skreiv berre «formlause ruinar» og vanskane med å transportere to massive søyler av syneitt-granitt.[14] Sir James Frazer skildra landsbyen ved Afqa i boka hans frå 1922, The Golden Bough som

"...ein ynkeleg landsby som framleis ber namnet Afqa øvst i den ville, romantiske og skogkledde Adonisdalen. Grensa ligg mellom lundar av valnøttre. Litt bortafor strøymer elva ut av ei grotte ved foten av eit mektig amfi av stupbratte klipper , og stuper ned i rekkje kaskadar og ned i skaret. Jo djupapre han fell, dess høgare og tettare veks vegetasjonen, og det spirer frå sprekkene i klippene som dannar eit grønt teppe over dei buldrande straumane i den enorme kløfta under. Det er noko deilig, nesten rusande, i dette friske, tromlande vatnet, i denne søte, reine fjellufta, i det grøne, frodige landskapet.[10]

Libanonkrigen i 2006[endre | endre wikiteksten]

Under Libanonkrigen i 2006, var Afqabrua, som knyt Libanonfjella til Beqaadalen ei av fem bruer som vart øydelagd av israelske jetfly.[15]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Paul Doyle, Jr (1. mars 2012). Bradt Travel Guide Lebanon. Bradt Travel Guides. s. 148–. ISBN 978-1-84162-370-2. Henta 10. juli 2014. 
  2. Stefan Winter (11. mars 2010). The Shiites of Libanon under Ottoman Rule, 1516-1788. Cambridge University Press. s. 68–. ISBN 978-0-521-76584-8. Henta 10. juli 2014. 
  3. Srarcky, «Récentes découvertes à Palmyre», Syria 25.3/4 (1946/48), s 335.
  4. 4,0 4,1 4,2 4,3 4,4 4,5 «Afka Falls i Libanon». SpeleoPhilately.com. Henta 10. juli 2014. 
  5. «Damascus and Lebanon». Travel Web Site. Henta 10. juli 2014. 
  6. 6,0 6,1 «Tammuz». The International Standard Bible Encyclopedia. Arkivert frå originalen den 4. november 2007. Henta 10. juli 2014. 
  7. W. F. Albright (September 1956). «El in the Ugaritic Texts». Journal of Biblical Literature. 75, No. 3 (3): 255–257. JSTOR 3261938. 
  8. Daniel Kercker and Willy Zschietzchmann, Römische Tempel in Syrien (Arch. institut des deutschen Reiches, Berlin/Leipzig) 1938; R.D., 21. 3/4 (1940) s.347.
  9. Sir Richard Francis Burton (1885). «"Terminal Essay" (i omsetjinga hans av The Arabian Nights». People with a History. Arkivert frå originalen den 24. oktober 2007. Henta 10. juli 2014. 
  10. 10,0 10,1 10,2 10,3 Sir James George Frazer (1922). «"Adonis in Syria" in The Golden Bough». Bartleby.com. Arkivert frå originalen den 14. desember 2007. Henta 10. juli 2014. 
  11. J. G. R. Forlong (1. februar 2003). Encyclopedia of Religions Or Faiths of Man 1906. Kessinger Publishing. s. 23–. ISBN 978-0-7661-4307-4. Henta 14. november 2012. 
  12. Sokrates frå Konstantinopel, Eccles. Historia, i. 18.
  13. Eusebius, Vita Constantina, iii. 55.
  14. Edward Robinson and Eli Smith, «Outlines of a Journey in Palestine in 1852» Journal of the Royal Geographical Society of London 24 (1854:1-35) s. 35.
  15. Higher Relief Committee (5. august 2006). «Daily Situation Report». Lebanon Under Siege. Henta 10. juli 2014. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]