Afrikansk historie

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sanfolk har ei svært lang historie i Afrika, og har utført store mengder bergkunst, som her i Zimbabwe.

Afrikansk historie går langt tilbake i tid, ettersom det var i Afrika at menneskeslekta oppstod. Her har det utvikla seg eit utal svært ulike språk og folkegrupper, medan rike som det gamle Egypt, Ghanariket og Zuluriket har oppstått og tankar og tru har spreidd seg.

Mennesket oppstod i Afrika for rundt 100 000– 150 000 år sidan. Landbruket oppstod for rundt 12 000 og metallurgi for rundt 6 000 år sidan. Større rike oppstod ulike stader, først i det gamle Egypt og seinare i Maghreb og på Afrikas horn. I Vest-Afrika oppstod bystatar som seinare kunne danna mektige rike. Spreiinga av bantufolk og -språk frå rundt 3000–2500 f.Kr. og heilt fram til 1800-talet, kjend som bantuekspansjonen, er den største afrikanske folkevandringa ein kjenner til. Islam spreidde seg både i Aust- og Nord-Afrika, Sahel og seinare i Vest-Afrika, der det mellom anna innførte ein skriftkultur.

Frå slutten av 1400-talet tok ulike grupper store mengder menneske frå Vest-, Sentral- og Søraust-Afrika og sende dei til koloniane som slavar. Europeiske makter deltok seinare i «Kappløpet om Afrika», der dei delte størsteparten av kontinentet mellom seg som koloniar. Etter krav og fleire sjølvstendekrigar fekk mange land sjølvstende frå slutten av andre verdskrigen. Moderne afrikansk historie har vore prega av forsøk på å få desse nye statane til å fungera.

Vestlege historikarar meinte lenge at afrika mangla historie fordi det fanst få skriftlege kjelder derfrå, og fordi området hadde utvikla seg på ein annan måte enn Eurasia. I dag er afrikansk historie eit respektert felt som tek i bruk arkeologi, munnleg overlevering og den skrifta som likevel finst. Historia er likevel ikkje delt inn i fastlagde epokar slik som til dømes europeisk historie.

Hakkeverktøy frå oldowantradisjonen, funne i Marokko.

Utviklinga av mennesket i Afrika[endre | endre wikiteksten]

Afrika var fødestaden åt underfamilien hominidar og slekta Homo. Av artane i denne slekta er det berre Homo sapiens, mennesket, som eksisterer i dag. Aust-Afrika har fleire viktige funnstader for tidlege menneske—Afarsenkinga ved Afrikas horn, Koobi Fora i Kenya og Olduvai i Tanzania.

I følgje paleontologisk og arkeologisk forsking levde dei første hominidane i Afrika for meir enn fem millionar år sidan. Desse dyra var framleis svært like dei nærskylde afrikanske menneskeapane, men hadde utvikle evna til å gå på bakføtene. Dette gav dei eit stort utviklingsmessig fortrinn fordi det gav dei ein sjanse til å leve både i skogen og på dei opne savannane. På denne tida vart det tørrare i Afrika, og savannane voks, medan skogdekket minka. For tre millionar år sidan hadde fleire typar Australopithecus-hominidar utvikla seg i det sørlege, vestlege og sentrale Afrika.

Det neste store utviklingsteget skjedde for omtrent to millionar år sidan, med utviklinga av arten Homo habilis, kjend som ein av dei første hominidane til å lage verktøy. Oldowan er ei nemning på reiskapane som vart laga av menneskeapar på denne tida. Ein annan viktig art, Homo erectus, laga meir innvikla verktøy og kunne kontrollera eld. Han var den første hominiden som vandra ut frå Afrika og slo seg ned i heile Eurasia.

Fossilfunn viser at Homo sapiens levde i det sørlege og austlege Afrika for 100 000 til 150 000 år sidan. Dei tok til å utvikla moderne menneskeleg åtferd: Dei eldste kjende døma på menneskeskapte symbol, i Blombos-hòla i Sør-Afrika, er 100 000 år gamle. Dei eldste spora etter moglege ritual er frå 70 000 år sidan og er funne i Tsodilo-hòla i Botswana.

Førhistoriske kulturar[endre | endre wikiteksten]

Holemåleri frå yngre steinalder i Tassili n'Ajjer i Algerie.

Under holocentida hadde nordlege Afrika eit kjøligare og fuktigare klima, der noverande ørkenområde som Sahara og Sahel hadde savanneklima og mykje av dagens savanne var skogdekt. Dette viser igjen i førhistorisk kunst og andre arkeologiske funn. I mellomsteinalderen fanst iberomaurusisk kultur og seinare capsien i Nord-Afrika. Desse var reiskapslagande jakt- og sankekulturar som laga bergkunst og steinsetjingar. I sørlege og austlege Afrika laga industriar som nachikufien og wiltonien små steinverktøy, mikrolittar, medan den austafrikanske eburrankulturen, som kan minna om capsien, også laga steintøy.

Eit tørrare og hardare klima kan ha medverka til at jordbruksrevolusjonen fann stad i Nord- og Sentral-Afrika, men ørkenspreiing førte også til avfolking av ørkenområda og ei tettare folkesetting i Nildalen og i dei sentralafrikanske savanneområda, der folk dreiv fiske og jordbruk nær elvar og sjøar. Frå midten av 2000-talet f.Kr. spreidde nomadisk husdyrhald seg aust- og sørover frå Sudan-regionen. Utbreiinga gjekk seinare på 1000-talet f.Kr., kanskje fordi tropiske sjukdommar plaga dyra og på grunn av tidlegare etablerte jakt- og sankesamfunn.

Etiopia hadde ein særprega gammal kultur med tidvis kontakt med Eurasia etter utvandringa av hominidar frå Afrika. Landbruket her utvikla seg rundt 3000 f.Kr., og er tilpassa dei nordlege høglanda, med heilt andre vekstar enn elles i Afrika. Dei viktigaste vekstane er kaffi, sorghum og teff, eit kornslag tilpassa tørre område.

Rundt 3000 f.Kr. byrja bantufolk å vandra ut frå sentralafrikanske kyststrok. Bruk av jern i større omfang tok til i nordlege Afrika rundt 500 fvt. og spreidde seg derfrå, saman med ny landbrukskunnskap. Jernvinne og ny jordbruksteknologi var spreidd til nesten heile verdsdelen rundt år 800. Han gjorde det mogleg å driva jordbruk sjølv i område der tsetsefluger gjorde det umogleg å bruka husdyr til å trekka treplogar. Innføringa av jern og ein jordbrukskultur tilpassa tropisk klima hjelpte den såkalla bantuekspansjonen, og bantufolk spreidde til store delar av Afrika sør for Sahara. Dei fortrengde, absorberte eller påverka tidlegare innbyggjarar, som khoisanfolk.

Historisk tid[endre | endre wikiteksten]

Oldtidsrike[endre | endre wikiteksten]

Djoser-pyramiden i Sakkara frå 2000-talet fvt., den eldste av pyramidane i Egypt.
Nubiske pyramidar ved Meroe i Sudan.

Dei tidlegaste skriftlege kjeldene frå Afrika er frå Egypt, og den eldgamle egyptiske kalenderen er framleis brukt som standard for å tidfeste jernalder- og bronsealderkulturar i regionen.

På 3000-talet fvt. vart Egypt samla under ein herskar, ofte kalla Menes. Han grunnla det første av dei 30 dynastia i historia til det gamle Egypt. Pyramidane i Giza nær Kairo vart bygd i det fjerde dynastiet og viser styrken i den faraoiske religionen og staten. Gamle Egypt var på høgda av makta si og hadde størst utstrekning frå 1567 til 1085 fvt.

Egyptarane nådde Kreta rundt år 2000 fvt. I etterkant av dette vart dei invadert av indoeuropeiske og semittiske folkeslag. Egyptarane vann over inntrengarane rundt 1570 fvt. og ekspanderte etter dette inn i Egearhavet, Sudan og Libya. Dei herska over det meste av Midt-Austen fram til Eufrat.

Det har vore diskusjonar om kor viktig den gamle egyptiske kulturen har vore for utviklinga i Afrika. Tidlege generasjonar av vestlege afrikanistar rekna den egyptiske kulturen som ein middelhavskultur som hadde liten innverknad på resten av Afrika. Nyare generasjonar av afrikanske historikarar ser dette annleis. Dei reknar Egypt som like viktig for utviklinga i Afrika som Hellas har vore i Europa. Det er tydelege spor av kontakt mellom Egypt og Etiopia og den øvre Nildalen sør for kataraktane, i Nubia og Kusj. Kontakt med Sahel og Vest-Afrika er det enno ikkje sikre spor for.

Dei afrikanske landa som ligg ved Middelhavet vart kolonisert av fønikarane før år 1000 fvt. Kartago vart grunnlagt rundt 814 fvt., og voks snart til ein av dei største byane rundt Middelhavet. Fønikarane nedkjempa berbarane som likevel utgjorde størsteparten av innbyggarane. Fønikarane vart herrar over alt det dyrkbare landet i Nord-Afrika vest for Syrtebukta, og vart rike gjennom handel.

Dei gamle grekarane grunnla Cyrene i Libya rundt 631 fvt. Cyrenaica voks fort og vart ein rik koloni, men fordi byen var omgjeven av ørken på alle kantar, fekk han liten innverknad på resten av Afrika. Grekarane hadde likevel stor innverknad på Egypt. Alexandria vart grunnlagt av Alexander den store i 332 fvt og under det hellenistiske ptolemear-dynastiet gjorde grekarane forsøk på å trenge sørover og fekk noko kontakt med Etiopia.

Dei tre maktene Cyrenaica, Egypt og Kartago vart etterkvart overskygga av Romarriket. Etter fleire hundreår med rivalisering mellom Kartago og Roma fall Kartago i 146 fvt., og i løpet av eit lite hundreår vart Egypt og Cyrene del av Romarriket. Under det romerske styret var desse områda rike og fekk eit latinsk innslag. Sjølv om Fezzan var okkupert av romarane fann dei i all hovudsak at Sahara var eit effektivt stengsel for vidare ekspansjon. Romarane nådde Nubia og Etiopia, men ein ekspedisjon som keisar Nero sendte ut for å finne kjeldene til Nilen var ein fiasko. Middelhavsfolket sin kunnskap om geografien til Afrika finn vi i skriftene til Klaudios Ptolemaios. Skriftene viser at dei kjente til dei store sjøane som er reservoar for Nilen, kysten langs Det indiske havet så langt som til Tanzania og at dei visste om elva Niger.

På denne tida var det stor kontakt mellom Asia, Europa og Nord-Afrika. Dette førte til spreiinga av den klassiske kulturen rundt heile Middelhavet, ein varig kamp mellom romarane og berbiske stammar, innføring av kristendom i heile regionen og kulturelle effektar av kyrkjene i notidas Tunisia, Egypt og Etiopia. I sistnemnde landet utvikla Aksum-riket seg i det første tusenåret, og voks seg rikt som punkt på handelsvegen mellom India og middelhavslanda.

Vandalar invaderte og okkuperte dei romerske provinsane i Nord-Afrika i det femte hundreåret. Det bysantinske riket vann tilbake provinsane, men den romerske antikken og den nordlege påverknaden på Afrika var i ferd med å svekkast.

Afrikanske rike og islamisering[endre | endre wikiteksten]

Kart som viser plassering og omtrentleg utstrekking av fleire afrikanske rike rundt 500 f.Kr. til 1500.

Afrika kom tidleg i kontakt med islam, ettersom muslimar frå Mekka søkte tilflukt i Etiopia allereie på Mohammed si tid. Det var utbreidd kontakt over Raudehavet mellom Afrika og Arabia, noko som prega kulturen til swahilifolka i Aust-Afrika. Før trudde ein at swahilifolket var etterkomarar etter persiske kolonistar, men dei fleste historikarar, lingvistar og arkeologar er no samde om at swahilifolket er eit bantufolk som har hatt langvarige og kontinuerleg samband med muslimske handelsfolk frå det sjuande eller åttande hundreåret. Historisk fann ein swahilifolk så langt nord som dagens Mogadishu i Somalia og så langt sør som Rovumaelva i dagens Mosambik. Rundt 1100 stod swahilifolket fram med ein distinkt og sterk kultur med hovudbase i ei rad handelsbyar langs kysten. Kilwa Kiswan var den viktigaste byen på 1200-talet, og er i dag rekna som verdsarv.

I det sjuande hundreåret skjedde det store endringar i Nord-Afrika, som vart erobra av arabiske muslimar. Dei tok først Egypt og sidan heile Nord-Afrika og delar av Spania. Kristendommen forsvann i all hovudsak frå Nord-Afrika. Det einaste unnataket var den koptiske kyrkja som overlevde i Egypt, og i Nubia som ikkje vart okkupert.

I det åttande, niande og tiande hundreåret var det ikkje svært mange arabarar i Afrika. Områda vart kontrollert gjennom militært overtak. I det ellevte hundreåret kom det fleire arabiske innvandrarar til Nord-Afrika, og kulturen der vart meir arabisk. Sjølv før denne innvandringa hadde mange berbarar overtatt språket og religion til dei arabiske herskarane.

Arabisk innflyting og islamsk religion vart ein heilt sentral del av Nord-Afrika. Transsaharahandel, som band land i middelhavsområdet og Vest-Afrika saman med dei sør for Sahara, var viktig frå det åttande hundreåret og fram til slutten av det sekstande hundreåret. Handelen over ørkenen vart mogleggjort av kamelar, som vart innførte frå Egypt til resten av Nord-Afrika. Både arabarane og religionen spreidde seg sørover gjennom Sahara. Framgangen vart stoppa av eit breitt belte av tjukk skog som strekte seg over heile kontinentet sør om 10° nordleg breidde. Regnskogen avskar dei frå kunnskap om Guineakysten og resten av Afrika.

Andre arabiske handelsfolk slo likevel rot langs den austafrikanske kysten. Der etablerte både arabarane, persarane og indarane koloniar. Mombasa og Malindi i Kenya, og Sofala i Mosambik var slike koloniar. Desse byane spelte ei liknande rolle på austkysten som den rolla Kartago hadde hatt lang Middelhavet mykje tidlegare. Inntil det 14. hundreåret var desse byane i hovudsak ukjente for dei nordafrikanske arabarane og europearane.

Dei fleste større rika sør for Sahara låg i Vest-Afrika, der godt jordbruksland og mange handelsruter gjorde det mogleg for dei å oppstå. Dei mest kjende er Mali, Oba i Benin, Kanem-Bornuriket, Fulaniriket, Dahomey, Oyo, Aro, Songhai og Ashantiriket. I tillegg var det vanleg at bystatar i området danna konføderasjonar. Dette vart mellom anna gjort av joruba- og hausafolk.

Ein annan region med sterke statsdanningar var området rundt dei store sjøane. Grunnen til dette var igjen eit rikt landbruk som skapte overskott. Statar som Rwanda, Burundi og Buganda var sentralstyrte.

Elles var store politiske einingar uvanlege i det sørlege Afrika. Det viktigaste unnataket var Zimbabwe-riket. Rundt år 1000 hadde bantufolk nådd dagens Zimbabwe og Sør-Afrika, og i Zimbabwe vart det første store riket i det sørlege Afrika etablert. Dette riket kontrollerte handelen frå Sør-Afrika til Zambezi. Det var handel i gull, kopar, edelsteinar, skinn, elfenbein og metallvarer med arabiske forretningsfolk på swahilikysten. Ein gong i løpet av det fjortande og femtande hundreåret braut dette riket saman, og hovudstaden vart forlaten.

Dei første arabarane som invaderte Nord-Afrika anerkjente kalifen i Bagdad, og aghlabitt-dynastiet som overhovud. Aghlabittane styrte Nord-Afrika som ein vassalstat for kalifen. I det tiande hundreåret utvila eit nytt dynasti seg i Egypt, fatimidedynastiet, som etterkvart styrte Nord-Afrika frå Egypt til Atlanterhavet. Seinare overtok almoravidane og almohadane. I 1517 vart Egypt erobra av Det ottomanske riket, som mellom 1519 og 1551 regentar i Algerie, Tunisia og Tripolitania. Marokko bestod som ein uavhengig arabisert berbarstat under sharifandynastiet. Under dei tidlege dynastia nådde arabisk kultur eit høgt nivå, og misjonsiveren til tilhengjarane av islam førde til at kunnskapen av kontinentet vart sterkt utvida.

Islam spreidde seg og gjennom det indre av Vest-Afrika som religionen til mansaane i Maliriket omtrent i tida frå 1235 til 1400, og som religionen til herskarane av Songhairiket frå 1460 til 1591. Timbuktu vart kjent som eit senter for teologiske studiar og for Sub-Saharas første universitet. Ein av dei siste regionane som vart muslimsk var Nubia, dagens Nord-Sudan, som hadde vore kristent fram til det 14. hundreåret.

I ei tid hadde dei muslimske framgangane i Sør-Europa gjort Middelhavet til eit islamsk innhav. Men gjennom kristne erobringar mista muslimar fotfeste i Europa og enkelte stader i Afrika. I 1415 tok ein portugisisk styrke Ceuta, og etter dette var Portugal stadig innblanda i det som skjedde i Marokko. Spania fekk etterkvart kontroll med fleire hamner i Algerie og Tunis. I 1578 lei Portugal eit stort nederlag i slaget ved al Kasr al Kebir, og maurarane leia av Abu Marwan Abd al-Malik, den første av Saadi-dynastiet, gjekk av med sigeren. På denne tida hadde også spanjolane tapt dei fleste fotfesta dei hadde i Nord-Afrika.

Europeisk utforsking og kolonisering[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Europeisk utforsking av Afrika.

Tidlege europeiske koloniar[endre | endre wikiteksten]

I det 15. hundreåret planla prins Henrik Sjøfararen, son av kong Johan I av Portugal å tileigne seg land i Afrika for Portugal. Han inspirerte og iverksette ei rad oppdagingsferder. Desse førte til at heile den afrikanske kysten vart oppdaga av europearane, og at store landområde langs kysten vart lagt under portugisisk suverenitet.

Portugisiske skip runda Kapp Bojador i 1434, Kapp Verde i 1445 og innan 1480 var heile Guineakysten kjent for portugisarane. I 1482 nådde Diego Cão munningen av Kongoelva. Kapp det gode håp vart runda i 1488 av Bartolomeu Dias, og i 1498 segla Vasco da Gama opp austkysten. Han gjekk i land i Sofala og Malindi og deretter til India. Portugal kravde suverenitet overalt der dei gjekk i land, men dette kravet vart ikkje gjort gjeldande i dei sørlegaste delane av kontinentet.

Guineakysten var lett å koma til frå Europa og vart først utnytta. Mange europeiske fort og handelsstasjonar vart etablerte der. Den første var São Jorge da Mina i 1482. Dei viktigaste handelsvarene var menneske, gull, elfenbein og krydder. Den europeiske oppdaginga av Amerika i 1492 gjorde at slavehandelen utvikla seg raskt. Før portugisarane kom til Afrika hadde slik handel i hovudsak gått over land til Midt-Austen. Den lukrative slavehandelen og gullfunn trekte andre europearar til Guineakysten. Engelske skip kom allereie i 1533, og dei fekk snart følgje av spanjolar, nederlendarar, franskmenn , danskar og andre eventyrlystne. Kontrollen over koloniane langs Guineakysten gjekk i løpet av det 17. hundreåret frå Portugal til Nederland og seinare til Frankrike og Storbritannia. Heile kysten frå Senegal til Lagos var dekt av ulike europeiske stasjonar for militærmakt og handel heilt inn i det 20. hundreåret sjølv om landområda lenger inn var blitt anten franske eller britiske tidlegare.

Frå Kongo-munningen til Damaraland i dagens Namibia fekk portugisarane stor innverknad frå 1491 og framover, og i løpet av det 16. hundreåret var Kongoriket i hovudsak blitt kristna. Ei innvandring frå nye stammar sist på det 16. hundreåret gjorde at dette kristne riket braut saman, og portugisisk aktivitet flytta seg sørover. São Paulo de Loanda (dagens Luanda) vart grunnlagt i 1576.

Medan Portugal brydde seg lite om det sørlege Afrika, ønska dei kontroll over dei rike muslimske byane langs austkysten. Innan 1520 hadde dei erobra desse sultanata, og vald Mosambik som hovudsete i Aust-Afrika. Portugal si koloniale aktivitet var ikkje avgrensa til kystområda. Zambezidalane vart utforska i løpet av det 16. og 17 hundreåret. Her trefte portugisarane bantufolk som i lang tid hadde hatt kontakt med dei arabiserte folka langs kysten. Det vart gjort store innsatsar for å få kontroll med kongeriket Monomotapa, som dekte noverande Mosambik og Zimbabwe. I dette området hadde det vore vunne ut gull sidan det 12. hundreåret. Portugal sendte fleire ekspedisjonar etter 1569 og framover. Desse ekspedisjonane fekk tak i store mengder gull, men den portugisiske kontrollen med innlandet vart aldri særleg effektiv og vart gjeven opp i løpet 1600- og 1700-talet. Då forlét portugisarane forta i Manica-distriktet. Før Angola vart sjølvstendig hadde portugisisk suverenitet over dette området berre blitt utfordra ein gong. I perioden frå 1640 til 1648 hadde Nederland kontroll med hamnene.

I den tida Portugal var på høgda av makta si, hadde landet òg nære relasjonar med det kristne Etiopia. Då landet var truga av dei ottomanskstøtta og velutrusta styrkane til Ahmad ibn Ibrihim al-Ghazi av Adal, hjelpte 400 portugisiske det til å verna sjølvstendet sitt. I tida etterpå reiste portugisiske jesuittar til Etiopia for å få Etiopia til å vende seg frå den etiopiske ortodokse kyrkja til katolisismen. Dette såg ei tid såg ut til å lukkast, men i 1660-åra vart portugisarane kasta ut av Etiopia. På denne tida mista også Portugal makt over Zanzibarkysten fordi arabarane frå Muscat tok over, og i 1730 kontrollerte ikkje Portugal noko område nord for Kapp Delagdo.

Portugal gjorde ikkje noko forsøk på å ta kontroll med den sørlegaste delen av Afrika. Table Bay i dagens Sør-Afrika var berre sett som ein stad å fylle på med vatn og proviant for sjøfarande frå ulike land. I 1620 tok offiserar i Det britiske austindiakompaniet kontroll med Table Bay i namnet til kong James I av England. Dette gjorde dei på eige initiativ, og hovudsakleg for å komme nederlendarane i forkjøpet. Dei var redde for at britiske skip seinare skulle måtte betale for vatn og liknande. Handlingane deira vart ikkje sett på med blide auge i London, og proklamasjonen fekk inga effekt. Nederlendarane sendte i 1651 ein liten flåte på tre skip under Jan van Riebeeck som nådde Table Bay 6. april 1652 og grunnla den første permanente europeiske busettinga i Sør-Afrika. India. Sør-Afrika var på denne tida tynt busett av san- og khoifolk.

Busettinga ved Kappet var ikkje tenkt som ein afrikansk koloni, men vart rekna som ein utpost av dei Nederlandske Austindiske øyane (noverande Indonesia). Likevel spreidde innvandrarane seg innover i landet, sjølv om det mangla både hamner og elver. Europearane fann snart ut at området var veleigna for europeiske nyttevekstar, som kveite og druer. Kolonistane var i hovudsak nederlandske hugenottar som hadde rømt frå Frankrike.

Fullending av europeisk utforsking og oppdeling på 1800-talet[endre | endre wikiteksten]

Eit kart over Afrika frå 1812 av Arrowsmith and Lewis

Napoleonskrigane gjorde at europearane hadde lite energi å bruke på Afrika. Men utfallet av desse krigane skulle få stor innverknad på verdsdelen. Okkupasjonen av Egypt frå 1798 til 1803, først av Frankrike og sidan av Storbritannia, førte til at Tyrkia gjorde forsøk på å reetablere reell kontroll i landet. Dette førte igjen til at Mehmet Ali var i stand til å etablere ein så godt som sjølvstendig stat i 1811. Rundt 1820 fekk Egypt og kontroll over dei austre delane av Sudan. I Sør-Afrika hadde napoleonskrigane ført til at Storbritannia tok kontroll med dei nederlandske områda rundt kappet og i 1814 var Kappkolonien formelt gjeve frå Nederland til Storbritannia. Etter den første boarkrigen mellom Storbritannia og boarane i Sør-Afrika fekk boarane i fredstraktaten frå 23. mars 1881 sjølvstyre under britisk overoppsyn.

Frankrike okkuperte Algerie i 1830, noko som gjorde slutt på piratverksemda frå Barbareskkysten. Den austafrikanske handelsbyen og øya Zanzibar var strategisk og omstridd, men ende opp som britisk protektorat. Protestantiske misjonærar var aktive på Zanzibar, i Sør-Afrika og langs Guineakysten, i mange tilfelle vel så mykje oppdagarar og pionerar for handel og imperiebygging. Ein av dei første som forsøkte å fylle «dei kvite felta» på europeiske kart var David Livingstone.

I løpet av det siste kvartalet av 1800-talet vart kartet over Afrika totalt endra under det såkalla kappløpet om Afrika. Delingsliner, ofte trekt tvers gjennom ukjent villmark, viste kva område som var eigd av Tyskland, Frankrike, Storbritannia og andre makter. Jarnbaner vart bygd og opna opp Afrika for vestleg okkupasjon.

Årsaka til koloniseringa finn ein i den politiske situasjonen i Europa, der både Tyskland og Frankrike ønska seg fleire koloniar etter den fransk-prøyssiske krigen i 1870-71. Ein av grunnane til at Tyskland kasta seg inn i konkurransen var at dei europeiske elitane tok til å sjå at jorda ikkje var uendeleg stor, og at dei sterkaste ville dominere. Påverknadane frå sosialdarwinismen var sterk og trua var at landa måtte velje mellom vekst eller undergang. Afrika var det einaste større området som ikkje var kolonisert av europeiske stormakter. Storbritannia og Portugal kunne ikkje sitte å sjå på at Tyskland og Frankrike tok kontroll med Afrika. Også nyleg sameinte Italia såg syn på å skaffe seg koloniar i Afrika. Det var likevel ikkje stormaktene som sette i gang stormløpet for å skaffe seg kontroll med Afrika. Den tvilsame æra går til Kong Leopold II av Belgia, som i 1876 grunnla organisasjonen Association Internationale Africaine som hadde som mål å «frelsa» og «sivilisera» millionar av menneske. Organisasjonen styrte over Fristaten Kongo, som er blitt kjend for sitt gruelege vanstyre.

Kart over Afrika i 1890

I tida før 1884 hadde det vakse fram ei overtyding om at dei europeiske stormaktene i Afrika måtte bli samde om spelereglane. Dette skulle skje på ein konferanse i Berlin, som vart halden i 1884 og 1885. Ikkje eit einaste afrikansk land eller styresmakt deltok i oppdelinga av Afrika eller vart høyrt i prosessen. Det vart skrive internasjonale avtalar som såg heilt bort frå den etniske, sosiale eller økonomiske situasjonen i Afrika. Dette ville få konsekvensar seinare når dei afrikanske landa vart sjølvstendige innanfor dei grensene som dei europeiske stormaktene hadde trekt.

I løpet av dei siste 15 åra av hundreåret vart oppdelinga komplett. Einaste afrikanske landet som ikkje kom under europeisk kontroll, då soldatane til kong Menelik II klarte å halde dei italienske styrkane ute av landet.

1900-talet[endre | endre wikiteksten]

Kart over Afrika rett før første verdskrigen.

Ved byrjinga av det 20. hundreåret var heile Afrika, bortsett frå Etiopia og Liberia, underlagt europeiske kolonimakter. Kolonistyresmaktene hadde ulik grad av kontroll over koloniane. Nokre stader, som i delar av britisk Vest-Afrika, var kontrollen svak og handla i hovudsak om å hente ut ressursar. Andre stader, som i Sør-Afrika, britiske Aust-Afrika og fransk Nord-Afrika, busette mange europearar seg som landeigande overklasse.

I Sør-Afrika var det tidleg mange europearar som slo seg ned. Dei første var boarane ('bøndene') frå Nederland. I den andre boarkrigen mellom Storbritannia på den eine sida og Oranje Fristaten og Transvaalrepublikken på den andre sida prøvde boarane å unngå å bli ein del av det britiske imperiet. Dette lukkast dei ikkje med. Frankrike planla å busette Algerie og etterkvart gjere området til ein integrert del av Frankrike. Nærleiken til kolonistaten gjorde denne tankegangen mogleg.

I dei fleste områda hadde ikkje koloniadministrasjonen nok eigne folk eller ressursar til å kontrollere landområda. Det måtte ty til eksisterande styringsstrukturar for å få hjelp til å administrere. Ulike grupper innanfor koloniane utnytta dette, og prøvde å vinne fordelar for seg sjølv og sine grupper gjennom samarbeid med kolonimakta. Dette skapte langvarige konfliktar i fleire område, også etter kolonitida.

Verdskrigane[endre | endre wikiteksten]

Under første verdskrigen var det fleire slag mellom Storbritannia og Tyskland i Afrika. Det meste kjente slaget er slaget ved Tanga, og ein langvarig geriljakrig av den tyske generalen Paul von Lettow-Vorbeck i Tysk Austafrika (dagens Namibia). Etter første verdskrigen tok Storbritannia over dei tyske koloniane i Afrika.

I mellomkrigstida voks det fram ei kjensle av patriotisme og nasjonalisme mellom afrikanske intellektuelle og politikarar. Noko av inspirasjonen for dette var at europeiske land hadde vore avhengige kolonitroppar for å trygge seg sjølve. Mange afrikanarar forstod no hadde dei faktisk hadde makt andsynes kolonimaktene sine. Tanken om at europearane var uovervinnelege vart og øydelagt av barbariet i skyttargravene. Europeisk kontroll var likevel i all hovudsak sterk i denne perioden.

I 1935 gjekk italienske troppar etter ordre frå Benito Mussolini inn i Etiopia og okkuperte den siste afrikanske staten som ikkje var under europeisk kontroll.

Afrika vart ikkje så hardt råka av andre verdskrigen som Eurasia, men opplevde likevel fleire slag, og sende ut fleire styrkar for å kjempa for kolonimaktene sine. Verdsdelen vart ein av dei første stadene dei allierte vann over aksemaktene, som ved slaget i Gabon i 1940. Krigen i Nord-Afrika var dramatisk og viktig strategisk, og var også eit vendepunkt då han førte til siger for dei allierte.

Avkolonisering[endre | endre wikiteksten]

Sjølvstendetidspunkt for afrikanske land

Etter den andre verdskrigen blomstra nasjonale rørsler over heile Vest-Afrika. Afrikanske krav om sjølvstende og ein endra verdssituasjon gjorde at ei rekke koloniar oppnådde sjølvstende på femti- og sekstitalet. Den store avkoloniseringa tok til med Libya i 1951. I 1957 vart Ghana den første kolonien sør for Sahara som oppnådde sjølvstende. Toppåret var i 1960, då store delar av fransk Vest-Afrika vart sjølvstendig.

Nokre land, spesielt Portugal, ønska ikkje å frigje sine koloniar. Dette førte til fleire bitre krigar for sjølvstende. Mau mau-opprøret fann stad i Kenya frå 1952 til 1956 og vart slått ned av britiske og lokale styrkar. I 1963 vart ein av opprørarane, Jomo Kenyatta, den første presidenten i eit sjølvstendig Kenya.

Dei siste afrikanske landa kolonimaktene gav slepp på var portugisisk-styrte Guinea-Bissau (1974), Mosambik og Angola (1975), fransk-styrte Djibouti (1977), britisk-styrte Zimbabwe (1980) og sørafrikansk-styrte Namibia (1990).

Postkoloniale tilhøve[endre | endre wikiteksten]

Mange land og byar var anten blitt grunnlagt, utvida eller namngjevne av kolonimaktene. Desse fekk gjerne nytt namn etter sjølvstende, døme kan vere Stanleyville, Leopoldville og Rhodesia. Kolonistyret kunne likevel ikkje viskast ut utan vidare. Det hadde ofte sett spor i samfunnsstruktur, økonomi, ideologi og tilhøve mellom folkegrupper.

Fridomsleiarar prøvde ut ulike vegar for dei nye landa. Kwame Nkrumah i Ghana såg mot sosialisme og panafrikanisme. Nordafrikanske land som Egypt under Nasser og Libya under Qadhafi orienterte seg mot den arabiske verda, vekk frå Vesten.

Mange afrikanske land har så langt ikkje makta å utvikla seg til økonomiske stormakter eller demokrati. Fleire land har vore plaga av politisk korrupsjon og ustabilitet, slik ein til dømes kan sjå i ei rad militærkupp Ghana og Burkina Faso, diktatorar i Uganda og Zimbabwe, borgarkrigar i Algerie, Angola og Nigeria, og så bortetter. Manglande samfunnsstyring har ført til at afrikanske land har hatt vanskelegare for å handtera uår og svolt og helseproblem som malaria og AIDS.

Etniske motsetjingar gav slike utslag som den formelle innføringa av apartheid, eit samfunn styrt av raselovar, i Sør-Afrika frå 1948 til 1993. Borgarkrigar som den liberiske frå 1989 til 2006 bygde på konfliktar mellom ulike folkegrupper, mellom anna ameriko-liberarar, etterkomarar etter «heimkomne» slavar frå USA. I Rwanda og Burundi vart motsetjingar mellom hutuar og tutsiar forsterka til folkemordet i Rwanda, der meir enn ein million menneske døydde, braut ut i 1994.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Afrikansk historie

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

God artikkel