Menneskehandel i Afrika

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Afrikansk slavehandel)

Tidleg menneskehandel ut av Afrika gjekk tvers over Sahara og tok til i det tiande hundreåret etter at introduksjonen av kamelar frå Arabia gjorde lange handelsruter moglege. Før dette hadde det vore ein avgrensa slavehandel langs Nilen og over den vestlege ørkenen. Ulikt slavar i Amerika som i hovudsak vart nytta til fysisk arbeid, vart desse slavane i stor grad nytta som tenarar. Dette gjorde at det vart tatt like mange kvinner som menn.

Den atlantiske slavehandelen utvikla seg mykje seinare, men vart mykje større i omfang og fekk større konsekvensar. Etterkvart som portugisarane vann fram i Brasil vart det eit stort behov for arbeidskraft. Denne arbeidskrafta vart kjøpt i Vest-Afrika eit område som vart kjent som Gullkysten, Slavekysten og Elfenbeinskysten. Dei fleste som vart slavar i den første tida vart det som ein konsekvens av tapte lokale krigar i innlandet. Mektige kongar i Biafra, Senegal og Benin selde fangane sine til europearane for frø, krøtter, rom og koparvarer.

I 1873 stengte den største slavemarknaden i Afrika, i Zanzibar.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]