Afroamerikansk musikk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
«The Banjo Lesson» av Henry Ossawa Tanner, 1893. Olje på lerrett, 49" × 35½". Hampton University Museum

Afroamerikansk musikk er eit samleomgrep for ei rekkje musikalske sjangrar som stort sett vart utvikla av afroamerikanarar. Opphavet deira er i musikalske former som stamma frå slavane og kjenneteikna av liva til svarte amerikanarar før den amerikanske borgarkrigen.

Dei moderne sjangrane blues og ragtime vart utvikla seint på 1800-talet ved å blande europeiske musikkstilar (kjenneteikna ved diatonisk harmoni innafor rammeverket likesvevande stemming) med det afrikanske opphavet, som nytta naturlege harmoniseriar og blåtonar. Unntaket er hip hop, house og techno, som vart danna seint på 1900-talet frå tidlegare former for afroamerikansk musikk som funk og soul. Moderne musikk er kraftig påverka av afroamerikanske musikksjangrar.

Etter borgarkrigen utvikla svarte amerikanarar, som vart tilsette som musikarar i militærband som spelte europeisk musikk, ein ny musikkstil kalla ragtime, som gradvis utvikla seg til jazz. I utviklinga av jazzen medverka afroamerikanske med kunnskap om den sofistikerte polyrytmiske strukturen frå danse- og folkemusikken til folk frå Vest-Afrika og området kring Sahara. Desse musikkformene påverka mange område av musikkutviklinga i USA og andre stader i verda på 1900-talet.

Dei tidlegare jazz- og blues-innspelingane vart spelte inn i 1920-åra. Afroamerikanske musikarar utvikla tilknytte stilartar som rhythm and Blues i 1940-åra. I 1960-åra hadde soulartistar stor påverknad på kvite amerikanske og britiske songarar. I midten av 1960-åra utvikla svart musikarar funk og dei var mange av dei leiande musikarane i slutten av 1960-åra og i 1970-åra innan jazz-rock-fusion. I 1970- og 1980-åra utvikla svarte artistar hip hop og i 1980-åra den disco-prega dansestilen kalla house. I 2000-åra var hiphop blitt ein av dei viktigaste musikksjangrane. Dagens moderne musikk er kraftig påverka og prega av afroamerikanske musikksjangrar.

Afroamerikanske musikkstilar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Afroamerikansk musikk