Afrodisiakum

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Afrodisiakum er ein ingrediens, eit preparat eller krydder som skal auka kjønnsdrifta, lysta eller evna til sex.[1][2] Namnet tyder 'som gjeld elskhug',[3] og er knytt til den greske gudinna Afrodite, som mellom anna representerte den fysiske sida av kjærleiken. Ein har nytta ei rekkje ulike stoff, som plantedelar, dyreprodukt, drikke, rusmiddel og meir lækjemiddelaktige stoff som afrodisiakum.[1] For å reknast som afrodisiakum, må stoffet ha verknad for begge kjønn.

Historisk har mange krydder blitt tillagt slike eigenskapar. Det same gjelder grønsaker, frukter og andre matvarer som likner på kjønnsorgan, som gulrot, asparges, agurk og andre fallosformer, som nashornhorn, og planter, røter og anna som likner vulva, eller «sanselege» frukter som kirsebær. Ifølgje folketrua finst det ein plantar som skal ha effekt. Også kombinasjonar som østers og champagne blir hevda å fremja lyst. Eventuelle verknader kjem som regel av ein placeboeffekt, det vil seia sjølvsuggesjon og innbilling. Stoff det er funne dokumentert effekt frå er visse legemiddel, som kjønnshormon.[1] Nokre rusmiddel, som cannabis, amfetamin og kokain, kan ha ein effekt i små dosar, men desse og andre medikament ein har brukt som afrodisiakum, som stryknin og spansk fluge, kan medføra helseskader.[1]

Ordet er ei latinisert form av det greske afrodisiakos, «å vekka seksuelt attrå», igjen frå Afrodisios, «heilagt for Afrodite». Namnet på den greske gudinna for kjærleik og venleik, Afrodite, tyder «seksuell glede».[4]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 Grünfeld, Berthold (27. januar 2023). «afrodisiaka». Store medisinske leksikon (på norsk). 
  2. «Afrodisiakum» i Det Norske Akademis ordbok
  3. «afrodisiakum» i Nynorskordboka.
  4. «aphrodisiac (n.)», Online Etymology Dictionary
Litteratur
  • Froböse, Gabriele; Froböse, Rolf; Gross, Michael (overs.) (2006): Lust and Love: Is it more than Chemistry? Royal Society of Chemistry, ISBN 0-85404-867-7.