Aftanpunkt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Aftanpunkt eller vestpunkt er det vestre skjeringspunktet mellom himmelekvator og horisonten. Det diametralt motsette punktet i horisonten vert kalla morgonpunktet eller austpunktet. Ved jamdøgn står sentrum av solskiva i ekvator, og sola står følgeleg, når ein ser bort frå refraksjonen, opp i austpunktet og går ned i vestpunktet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]