After Bathing at Baxter's

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
After Bathing at Baxter's
Studioalbum av Jefferson Airplane
Innspelt Juni til oktober 1967 i RCA i Hollywood
Sjanger Psykedelisk rock, acid rock
Lengd 43:38
Selskap RCA Victor
Produsent Al Schmitt
Kritikk
Jefferson Airplane-kronologi
Surrealistic Pillow
(1967)
After Bathing at Baxter's Crown of Creation
(1968)


After Bathing at Baxter's kom ut i 1967 og var det tredje albumet til rockebandet Jefferson Airplane.

I motsetnad til Surrealistic Pillow, som kom ut tidlegare same året, vart After Bathing at Baxter's klassifisert som psykedelisk rock sidan ein unngjekk den meir kommersielle typen popsongar, som «Somebody to Love» frå det førre albumet. Slik sett var albumet eit vasskilje og Jefferson Airplane vart no eit mykje tyngre rockeband. Særleg var den elektriske gitaren til Jorma Kaukonen lengre framme i lydbiletet.

Albumet er delt inn i «suitar» og musikalsk består det av lengre og meir eksperimentelle komposisjonar, som den ni minuttar lange instrumentalen «Spare Chaynge» og Grace Slick sin digre og uvanlege «rejoyce», ein hyllest til James Joyce-romanen Ulysses, med eit lunefullt arrangement og stentorbass av Jack Casady. Mange av songane på albumet syner den tunge LSD-bruken til bandet.

Albumet nådde 17. plass på albumlista. Den første singelen, «The Ballad of You and Me and Pooneil», nådde 42. plass på singellista, medan den andre singelen, «Watch Her Ride», berre nådde 61. plass. Begge singlane nådde Topp 40 på Cash Box Top 100.[1] Det neste albumet, Crown of Creation, vart ein ny kommersiell suksess for bandet.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Streetmasse
# TittelLåtskrivar(ar) Lengd
1. «The Ballad of You & Me & Pooneil»  Paul Kantner 4:29
2. «A Small Package of Value Will Come to You, Shortly» (instrumental)Spencer Dryden, Gary Blackman, Bill Thompson 1:39
3. «Young Girl Sunday Blues»  Marty Balin, Kantner 3:33
The War Is Over
# TittelLåtskrivar(ar) Lengd
4. «Martha»  Kantner 3:26
5. «Wild Tyme (H)»  Kantner 3:08
Hymn to an Older Generation
# TittelLåtskrivar(ar) Lengd
6. «The Last Wall of the Castle»  Jorma Kaukonen 2:40
7. «rejoyce» ([n 1])Grace Slick 4:01
How Suite It Is
# TittelLåtskrivar(ar) Lengd
8. «Watch Her Ride»  Kantner 3:11
9. «Spare Chaynge» (instrumental)Jack Casady, Dryden, Kaukonen 9:12
Schizoforest Love Suite
# TittelLåtskrivar(ar) Lengd
10. «Two Heads»  Slick 3:10
11. «Won't You Try / Saturday Afternoon»  Kantner / Kantner 5:09
Bonusspor frå 2003-utgåva
# TittelLåtskrivar(ar) Lengd
12. «The Ballad of You & Me & Pooneil» (lang versjon frå Jefferson Airplane Loves You)Kantner 11:04
13. «Martha» (singelversjon)Kantner 3:26
14. «Two Heads» (singelversjon)Slick 3:15
15. «Things Are Better in the East» (demo)Balin 2:31
16. «Young Girl Sunday Blues» (instrumental; gøymd spor)Balin, Kantner 3:59

Merknader[endre | endre wikiteksten]

  1. Berre små bokstavar på plateomslaget.

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Andre medverkande[endre | endre wikiteksten]

  • Gary Blackman – vokal
  • Bill Thompson – vokal

Kjelder[endre | endre wikiteksten]