Afzal Khan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Afzal Khan
Verkeleg namn urdu افضل خان
Pseudonym John Rambo (urdu جان ريمبو)
Fødd 1966 (54 år)
Karachi
Yrke skodespelar, komikar

Afzal Khan (fødd i 1966), òg kjend som John Rambo, er ein pakistansk fjernsyns-, film- og scene-skodespelar og komikar. Han vart fyrst vidgjeten for rolla som ein vaktmester ved namn John Rambo i komedieprogrammet Guest House. Seinare tok han namnet John Rambo som uoffisielt scenenamn. Dette stammar frå Sylvester Stallone sin karakter John Rambo i Rambo-filmane. Han vert som oftast referert til som Rambo i rulletekstane til filmane han er med i.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Afzal Khan sine fyrste røynsler med skodespel var ved ulike scener i Islamabad. Han deltok i somme skodespel produserte av den pakistanske fjernsynskanalen PTV. Desse spela vart berre sende i Islamabad og Peshawar.

I 1991 spela han vaktmeisteren John Rambo i Guest House. Det var ein stor suksess, og Rambo vart ein av dei mest populære figurane i serien.

Etter suksessen som John Rambo, byrja han å få tilbod om å spela i spelefilmar. Han deltok i den fyrste filmen sin i 1992, og vart ei kjend Lollywood-stjerne. Bakgrunnen hans som komikar gjorde at han stort sett berre fekk oppdrag i komediar eller «morosame» roller. Han freista gjera somme seriøse roller, men dette var ikkje så vellukka.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]