Angístri

Koordinatar: 37°42′N 23°21′E / 37.700°N 23.350°E / 37.700; 23.350
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Agístri)
Angístri
Lokalt namn Αγκίστρι
Stranda ved hamna i Skála
Stranda ved hamna i Skála
Geografi
Stad Saroniabukta i Egearhavet
Koordinatar 37°42′N 23°21′E / 37.700°N 23.350°E / 37.700; 23.350
Øygruppe Dei saroniske øyane

Areal 13,37 km²

Administrasjon
Land Hellas
Periferi
Periferieining
Attikí
Øyane
Største busetnad Megalokhóri (566 innb.)

Demografi
Folketal 1 142 (2011[1])
Folketettleik 85,4 /km²

Angístri (gresk Αγκίστρι), òg kalla Agistri, Ankistri og Agkistri, er ei lita øy i Dei saroniske øyane i Saroniabukta i Hellas. Ho er dekt av furuskog og er berre eit par kilometer på tvers. Øya er ein kommune i periferieininga Øyane i periferien Attikí.[2]

Busetnadar[endre | endre wikiteksten]

Det er berre tre busetnadar på Angístri - Megalokhóri (eller Mýlos), Skála og Limenária. Megalokhóri er den største landsbyen der dei fleste innbyggjarane bur. Skála ligg tjue minuttar unna til fots, og det er her dei fleste turisthotella er. Limenária er ein svært liten landsby på den andre sida av øya med lite turisme.

Plassering[endre | endre wikiteksten]

Angístri ligg nær den større saroniske øya Éjina. Herfrå kan ein nå øya med båt på berre ti minutt. Øya ligg ein times båttur frå Pireus.

Byar og tettstader[endre | endre wikiteksten]

Byane og tettstadene i kommunen er:

Tettstad Folketal 2011[1]
Megalokhóri 566
Skála 448
Limenária 128

Referansar[endre | endre wikiteksten]