Aga på Bømlo

Koordinatar: 59°50′23″N 05°14′45″E / 59.83972°N 5.24583°E / 59.83972; 5.24583
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

59°50′23″N 05°14′45″E / 59.83972°N 5.24583°E / 59.83972; 5.24583

Aga
øy
Land  Noreg
Fylke Vestland
Kommune Bømlo kommune
Høgaste punkt Krabbaviksåta, 84 moh.
Kart
Aga på Bømlo
59°50′32″N 5°14′25″E / 59.84214194°N 5.24030694°E / 59.84214194; 5.24030694

Aga er ei øy i Bømlo kommune som fram til 1995 høyrte til Fitjar kommune. På øya ligg garden Aga, som òg omfattar ei samling øyar som ligg vest for Nyleio, mellom Ålforo, Bømlalandet og Vedøy i sør og Brendøyosen i nord.

Garden er ikkje særleg gammal og var opphavleg ein husmannsplass under Fitjargarden. Garden vart sjølvstendig då Ole Michelsen Tosche selde Fitjargarden i 1755.

Det er funne ei krossforma steinhakke frå steinalderen på Aga.

Namn[endre | endre wikiteksten]

Ein er ikkje sikker på opphavet til namnet. Ein teori er at namnet kan kome av «agg», som tyder noko «kvasst». Det er fleire nes som stikk fram på Aga, så denne tydinga kan passe. Ein anna teori er at namnet kan kome av «agi», som tyder «beite», og at Fitjargarden såleis har nytta øya som beite i gammal tid.

Gardsnamnet har vore skrive mykje likt opp gjennom åra. Variantar er Age i 1756 og Agøen i 1801. Namnet vert i dag skrive Aga og er likt med daglegnamnet.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Aga låg under Fitjargarden, som var eigd av Ole Michelsen Tosche fram til 1755. Han selde til gjestgjevaren i Folderøyhamn. Øyana Aga, Vedøyo og Øsparøyo kom då under Føyen skipreide i 1784, men høyrde framleis til Fitjar kyrkjesokn. Seinare gjekk garden tilbake til Jonas Tosche, son til Ole Michelsen Tosche, som igjen selde tilbake til gjestgjevaren i Folderøyhamn. Utover 1800-talet har bruka på garden stort sett vore i sjølveige. I 1867 kom garden tilbake til Fitjar herad i lag med Vedøyo, medan Øsparøyo vart verande under Bømlo.

Folketalsutvikling

1801[1] 1900[2]
28 72

Andre øyar[endre | endre wikiteksten]

Agasystra er ei lita øy som ligg nordom Aga og som høyrer til garden Aga. Namnet har vore særs lite brukt i Noreg og må tyde «syster til Aga». Opphavleg var Agasystra eit plass under Aga.

Orrøya, Brennholmen, Ospøya med Farholmen og Jørgensholmen, Klakksøyane og Grunnasundsholmen har òg bruk som ligg under Aga.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Simon Steinsbo (1986). Fitjar bygdebok - Gards- og ættesoge 1. Fitjar. s. 337-392.