Agalmatolitt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Agalmatolitt, biletstein eller pagoditt er ein blaut bergart som hovudsakleg består av pyrofyllitt eller eventuelt av mineralaggregatet pinitt. Bergarten er gråleg-kvit med grønleg eller raudleg skjær. Han er svakt gjennomskinleg, tett og massiv.

I Kina har han vorte nytta til utskjeringar av gudebilete, vasar og liknande.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]