Agaseke

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Døme på ei igisekekorg.

Agaseke, agaseki eller igiseke er ei mønstra korg med lok frå Rwanda og Burundi. Korga er eit særs fint handarbeid laga av kveilar av tørka plantemateriale i ulike fargar. Kveilane er sydd fast til ei spiralrame, og sett saman slik at dei dannar gjentakande geometriske mønster. Loket kan vera flatt eller traktforma, og vera mønstra som korga, eller einsfarga. Korga er eit nasjonalsymbol for Rwanda, og er avbilda i det rwandiske riksvåpenet.

Ein lagar gjerne igiseke av grasstrå, sisal, raffia eller bananblad. Fargen på korgene er tradisjonelt naturkvit med mønster av svart og/eller raudt. Svartfargen kom frå kokte bananblomar, medan røter og frø frå ein plante kalla urukamgi gav raudfarge. Frå 1930-talet byrja ein også ta i bruk industrielt produserte fargestoff. Ein har også teke i bruk nye materiale, som gjenvunne plastposar.

Dei minste korgene kan vera rundt 5-10 cm både i høgd og diameter. Korgene blei gjevne som gåver, mellom anna ved bryllaup. Dei blei brukte til å pynta heimar og til å ha verdifulle saker i.

Igisekekorg som del av ei utstilling frå Rwanda og Burundi ved Musée royal de l'Afrique centrale i Belgia.

Igiseke blei tradisjonelt laga av adelege tutsikvinner. Det var krevjande handverk som kravde mykje tid. Endringar i samfunnet, som mellom anna gav tutsiar ei mindre privilegert stilling, har ført til ein nedgang i heimeproduksjon av korger. I dag blir korger gjerne laga av profesjonelle korgmakarar.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Agaseke

Kjelder[endre | endre wikiteksten]