Agatunet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Koordinatar: 60°18′0.3744″N 6°36′10.868″E

Agatunet.
Foto: Frode Inge Helland

Agatunet i Hardanger er eit friluftsmuseum med ca 30 freda hus. Tunet ligg på garden Aga i Ullensvang kommune i Vestland fylke. Det eldste bygget er lagmannsstova frå om lag 1250, eit unikt tymrahus på høge kjellarmurar. Agatunet er særskilt av di det er eit originalt klyngjetun, ikkje tilflytta hus. Agatunet ligg under det høge Tveitaberget som vernar tunet mot snøskred. I sommarhalvåret er det omvising i tunet, open kafé, kunstutstillingar i tillegg til konsertar. Museet vert drive av Stiftinga Agatunet. Stiftinga samarbeider med Hardanger Folkemuseum. Saman er dei frå 2006 del av Hardanger og Voss museum.

Agatunet vart freda i 1938.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Agatunet ved Sørfjorden i Hardanger, i Ullensvang herad.
Teikning: Frode Inge Helland

Aga var i gamal tid eit høvdingsete, og fleire gamle gravhaugar tyder på svært tidleg busetnad. Garden var ein av dei største i Hardanger gjennom mellomalderen, og har hatt tett tilknyting til fleire vestlandske adelsætter.

På slutten av 1200-talet var heile Aga ein stormannsgard. Seinare vart han delt opp mellom etterkommarane. Fram til 1940 budde det ni sjølveigande bønder i tunet. Totalt var det 80 – 90 bygningar i tunet.

Garden har tidlegare vore delt i «Øvstatun» og «Nedstatun». Ulik eigedomsrett til desse to delane kan sporast attende til 1300-talet, der Øvstatunet vart pantsett til riddar Gaute Eiriksson Galtung av Greip Ivarsson av Melsætta, og seinare gjekk inn i Losnagodset. Dokument knytte til Aga er blant dei eldste norske skriftlege dokument i offentleg eige.

Gardsnamnet er tidlegast dokumentert i eit diplom frå kring 1220. Fleire teoriar om tydinga av namnet er fremja, mellom anna «stikke seg fram (agge)». Andre teoriar går på at 'Aga' kjem av ordet 'age', som tyder respekt. Det er truleg at førsteleddet Aga peikar på ei anna landskapseining enn dagens tun.

Det eldste bygget som står att er Lagmannsstova frå om lag 1250, eit unikt tømmerhus på høge kjellarmurar. Det er bygd av tømmer frå Varaldsøy i Kvinnherad) av lagmann, riddar og riksråd Sigurd Brynjolfsson – ein av rådgjevarane til kong Eirik Magnusson. Dette er den eldste mellomalderbygningen i landet der det opphavlege framleis står.

Agatunet er også særskilt fordi det er eit originalt klyngetun, ikkje tilflytta hus. Rett opp for tunet ligg den 1506 m høge, bratte Aganuten, som det har gått fleire farlege skred frå.

Planar om jordskiftesenter[endre | endre wikiteksten]

Dagleg leiar Guttorm Rogdaberg vart i 2005 utnemnd til statsstipendiat, mellom anna for å arbeida vidare med planane om eit Jordskiftesenter ved Agatunet.

Biletgalleri[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]