Agdenes kommune

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Agdenes kommune
kommune
Kommunevåpen
Land  Noreg
Fylke Trøndelag
Adm.senter Selbekken
Areal 318 km²
 - land 297 km²
 - vatn 21 km²
Målform bokmål
Ordførar Oddvar Indergård (LL)
Kommunenr. 5016
Kart
Agdenes kommune
63°32′5″ N 9°42′4″ E
Wikimedia Commons: Agdenes
Nettstad: www.agdenes.kommune.no

Agdenes er ein tidlegare norsk kommune i Trøndelag fylke. Han låg på grensa mellom dei gamle landskapa Fosen og Orkdalen i Trøndelag. Kommunen låg heilt ytst i Trondheimsfjorden, og grensa mot Ørland og Rissa over Trondheimsfjorden i nordaust, mot Orkdal i søraust, mot Snillfjord i sør og mot øykommunen Hitra over Trondheimsleia i nordvest. Hovuddelane av kommunen slik han var frå midten av 1960-åra var Ytre Agdenes, Lensvik og Ingdalen. 1. januar 2020 blei Agdenes slått saman med Orkdal, Meldal og ein del av Snillfjord til den nye Orkland kommune.

Topografi[endre | endre wikiteksten]

Lensvik
Foto: Cato Edvardsen
Ingdalen kapell
Foto: Cato Edvardsen
Valset fergekai
Foto: Cato Edvardsen

Agdenes-området har vekslande natur med fjell og fjord, frodige åkrar og fuktige myrområde, skogkledde lier og nake, vêrhardt landskap.

Klimamessig er kommunen delt i to, og vêrskiljet går i ein fjellrygg gjennom kommunen. Ytre del av kommunen har typisk kystklima med milde vintrar og lite snø, medan indre del har meir vegetasjon, mindre vind og snørike vintrar.

Elvar, fjordar, fjell og vatn[endre | endre wikiteksten]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Kong Øysteins hamn nær Agdenes fyr er ein viktig marinarkeologisk lokalitet.

Den noverande kommunen vart oppretta i 1964, da indre del av gamle Agdenes kommune, Lensvik kommune og Ingdalen krets av Stadsbygd kommune, vart samanslegne. Føre 1964 var gamle Agdenes kommune delt frå Ørland kommune i 1896. Lensvik kommune var delt frå Rissa kommune i 1905, medan Ingdalen høyrte til Statsbygd kommune heilt fram til 1964.

I 1995 vart grenda Moldtun overført frå Agdenes til Snillfjord kommune. Grenda hadde ikkje vegsamband før i 1994, og da vegen kom, var det mot Snillfjord. Derfor var det naturleg at grenda, etter eige ønskje, vart overført til Snillfjord.

Samfunn[endre | endre wikiteksten]

Religion[endre | endre wikiteksten]

Agdenes kommune svarar til Agdenes prestegjeld i Den norske kyrkja. Kommunen har tre kyrkjer: Agdenes kyrkje, Lensvik kyrkje og Ingdalen kapell.

Kommunevåpenet[endre | endre wikiteksten]

Kommunevåpenet med namnet «I hermelin eit raudt skjoldhovud» vart godkjent i 1991. Hermelin symboliserer at dei kongelege heldt til på Agdenes i tidlegare tider, og det symboliserer òg skinnproduksjonen i vår tid. Det raude feltet står for jordbær, for hjartevarme eller for blodet frå øksa til Eirik Blodøks.

Kommuneblomsteren[endre | endre wikiteksten]

Kommuneblomsteren for Agdenes er jordbærplanten (Fragaria) som er ei slekt av rosefamilien.

Tusenårsstad[endre | endre wikiteksten]

Tusenårsstaden i kommunen er den gamle bustadplassen Fjølåsen. Det er bygd kulturveg opp til Fjølåsen, og langs traséen er det blant anna oppsett over 40 opplysningsskilt. Kommunen har òg planer om å byggje opp att ein del av dei gamle husa.

Interkommunalt samarbeid[endre | endre wikiteksten]

Kommunen deltek i fleire interkommunale samarbeid i Hamos-regionen, som inkluderer kommunane Hemne, Agdenes, Meldal, Orkdal og Skaun.

Næringsliv[endre | endre wikiteksten]

Landbruk[endre | endre wikiteksten]

Primærnæringane er sysselsett flest innbyggjarar i kommunen, særleg innanfor mjølkeproduksjon og skogbruk. Pelsdyroppdrett og jordbærproduksjon er òg viktige næringsvegar i kommunen.

Jordbærproduksjon[endre | endre wikiteksten]

I over 100 år har jordbærdyrking vore ei betydeleg inntektskjelde for mange gardbrukarar i Agdenes kommune. I 1896 starta Lars H. Selbæk jordbærdyrking i heimbygda si og gav bort plantar til gardbrukarar i heile kommunen.

I 2001 var det rundt 320 dekar med jordbæråkrar i Agdenes kommune. Det største arealet er i Lensvik, men det blir òg dyrka mykje jordbær i Ingdalen og Mølnbukta.

I Agdenes blir det for det meste dyrka bær til konsum, og da er hovudsorten Korona. Da jordbæra kom til Lensvik, var plantane av sorten Abundance, men i 1970-åra kom sorten Zephyr og tok over. Fleire sorter vart prøvd, men Zephyr var hovudsorten frem til først i 1990-åra. Frå da av til no (2007) blir har det vore dyrka mest Korona.

Fram til midten av 1970-åra var det mest norske ungdommar som arbeide som jordbærplukkarar, men i seinare tid er det mest utlendingar som plukkar jordbær, hovudsakleg frå Polen og Litauen.

Kvart år blir «Jordbærtrimmen» arrangert — eit løp til ære for jordbæra som går rundt Utnesvatnet.

Industri[endre | endre wikiteksten]

Industritettheita i kommunen ligg over landsgjennomsnittet.

Turisme[endre | endre wikiteksten]

Agdenes kommune har rundt 800 fritidsbustader. Rimeleg pendleavstand frå Trondheim ved kysten, men utan ferjer gjer at kommunen er attraktiv for hytteeigarar.

Kjende agdenesingar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]