Age of Empires

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Age Of Empires)

Age of Empires er ein strategispelserie for datamaskin utvikla av Ensemble Studios. Spelet vart publisert av Microsoft Studios. Det fyrste spelet kom ut i 1997 og vart rett og slett kalla Age of Empires. Spelet hadde sju oppfølgjarar og tre bispel.