Age of Empires II: The Age of Kings

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Age of Empires II: The Age of Kings

Utviklar(ar)Ensemble Studios
Utgjevar(ar)Microsoft Game Studios
Design(ar)Bruce Shelley, Sandy Petersen, Greg Street, Karen McMullan
Komponist(ar)Stephen Rippy
SerieAge of Empires
SpelmotorGenie Engine
Plattform(er)Microsoft Windows,
Apple Macintonsh
Utgjeving30. september 1999
SjangerSanntidsstrategispel, krigsspel
SpelemodusEinspelar, fleirspelar
AldersgrensePEGI: 18+
ESRB: M
MediumCD, programfil
Stødde einingarDatamus og datatastatur
Nettstadhttp://www.microsoft.com/games/age2/
Del av serien Age of Empires
←Age of Empires⠀ · Age of Empires III→

Age of Empires II: The Age of Kings (ofte forkorta til AoK, AoE 2, AGE2 eller The Age of Kings) er eit sanntidsstrategispel (RTS) utvikla av Ensemble Studios. Dataspelet vart utgjeve av Microsoft i 1999 for både Microsoft Windows og Macintosh. Spelet er ein del av Age of Empires-serien, og er det andre spelet i denne serien. Eit utvidingsspel, The Conquerors, vart gjeve ut året etter av same utviklar.[1] I tillegg kom det hausten 2012 ut eit utvidingsspel laga av private speleutviklarar: Age of Empires II: Forgotten Empires. Versjonar av spelet for PlayStation 2 og Nintendo DS kom ut i høvesvis 2001 og 2006.

The Age of Kings er eit strategispel som går ut på å byggja opp ein eigen sivilisasjon og deretter å kjempa ned dei andre sivilisasjonane. I spelet vert ein introdusert for tretten sivilisasjonar: Britane, bysantinarane, keltarane, frankarane, mongolane, gotarane, kinesarane, japanarane, persarane, sarasenarane, teutonarane, tyrkarane og vikingane.[2] Spelaren må sikta etter å samla grunnleggande ressursar – mat, ved, gull og stein – som kan brukast på å byggja landsbyar og laga hærar. I spelet er det fem historiebaserte oppdrag og felttog, slik at spelaren må ta høgde for bakgrunnshistorier og andre speleforhold. Ein kan velja mellom tre ulike einspelarmodusar og éin fleirspelarmodus.

Mottakinga av The Age of Kings var svært god, og spelet fekk gode omtalar av mange kritikarar. Dei merkbare forbetringane innan speledelen og dei nye moglegheitene i høve til forgjengaren vart sett pris på. Somme kritikarar var meir kritiske til utsjånaden til bygningane og soldatane – dei var uinteressante og hadde lite særpreg – medan andre syntest at The Age of Kings var overdriven lik forgjengaren Age of Empires. Berre tre månadar etter utgjevinga var det seld over to millionar eksemplar av spelet, og det toppa salslistene i sju land. Spelet vann fleire utmerkingar og har hatt tydeleg påverknad på seinare spel i same sjanger.

Gangen i spelet[endre | endre wikiteksten]

Illustrasjonen viser kva ein kan sjå under eit parti. Oppe til venstre viser kor mykje ressursar ein har til disposisjon. Nede til høgre er minikartet.
1. Måla for å vinna.
2. Statistikk over dei ulike oppgraderingane og soldatane til kvar sivilisasjon.
3. Chattefunksjon.
4. Oversyn over diplomati.
5. Menyknapp.
6. Status til ein soldat eller innbyggar.
7. Ordrar og kommandoar.

Som i forgjengaren speler ein Age of Empires II: The Age of Kings ved å samla ressursar, byggja landsbyar, samla ein hær og øydeleggja soldatane og bygningane til fienden så raskt som mogleg.[3][4] Spelaren vel éin av 13 sivilisasjonar som alle har sitt eige særpreg. Ved å avansera gjennom fire tidsaldrar – «Dark Age», «Feudal Age», «Castle Age» og «Imperial Age» – kan ein lettare byggja opp ein betre hær, samstundes som det er lettare å samla naudsynte ressursar. Når ein kjem til ein ny alder eller æra, opnar ein for å få nye soldatar, teknologiar, oppgraderingar og bygningar.[5] Elles må spelaren byggja visse bygningar og betala ein viss sum av ressursane sine – oftast gull og mat – for å utvikla sivilisasjonen sin til ein ny alder. Spelaren styrer kvar og ein av sine arbeidarar, soldatar osb. The Age of Kings skil allierte og motstandarar med åtte ulike fargar: Blått, raudt, gult, grønt, lyseblå, lilla, grå og oransje. Det vil seia at åtte spelarar kan spela om gangen.

Som ei forandring frå tidlegare Age of Empires-spel, kunne ein i The Age of Kings leggja opp ulike spelefunksjonar.[3][6] Eit standardparti vil visa ein vanleg bane der spelarar startar i Dark Age med eit hovudbygg, kalla «Town center» i The Age of Kings, tre arbeidarar og ein speidar. Spelarane kan vinna partiet på fleire måtar: Ved militær erobring, ved å byggja ein bygning kjent som «Wonder» eller å kontrollera alle relikviane.

Ressursar[endre | endre wikiteksten]

Sivile einingar, landsbybuarar (kalla «villagers») er dei som vert brukt for å samla ressursar. Dei er anten menn eller kvinner – kjønn speler inga rolle for evnene deira. Ressursane vert deretter brukt til å trena nye einingar eller å konstruera nye bygningar. Ressursar kan òg brukast til å forska på nye teknologiar (oppgradering). Eit døme på ein ny teknologi er betre rustning for bogeskyttarar. Det finst fire ulike ressursar i spelet: Gull, tømmer, mat og stein,[3][7] som må samlast på ulike måtar. Sistnemnde kan samlast inn ved ei steingruve, medan ved blir samla inn ved å hogga ned tre. Mat og gull, derimot, kan samlast inn på fleire måtar: Mat kan ein få tak i ved slakting husdyr (sau og kalkun), jakting på ville dyr (villsvin og hjort), sanking av ville bær eller hausting av jordsmonn. Fisking kan skje ved kystfiske eller frå fiskebåtar. Gull kan skaffast ved handel, gruvearbeid eller å halda heilage relikviar i kloster. Men landsbybuarane treng diverse samlingspunkt og depot – mølle, gruvelager, tømmerleir – for dei ulike ressursane.[7] Hovudbygget derimot, kan ta imot alle dei ulike ressursane. Kvart folk kan oppgradera kvaliteten på ressurssamlinga si – nokre meir enn andre. I tillegg kan ein reisa eit marknadsbygg der ein kan selja og kjøpa tømmer, stein og mat ved hjelp av gull. Kvar transaksjon vil føra til ein auka tributt.[8] Ved hjelp av marknaden kan spelaren senda handelsvogner (trade carts) til allierte, som automatisk vil simulere gull-lageret. Med ei skipsdokk (kalla dock) kan spelaren laga handelsskip som kan sendast til både allierte hamner og fiendehamner. Sjølve utbyttet vil variere etter distansen: Jo lengre skipsdokkane er ifrå kvarandre, jo større utbytte. Spelaren vel sjølv kvar desse handelsvognene og -skipa skal fara. Likevel treng ikkje spelaren å handla manuelt: Med ein gong ein marknad eller skipsdokk er valt, vil handelseiningane halda fram med å handla med den valde forbundsfellen. Handelsskip kan til og med handla med fienden, men står då i fare for å bli angripne.

Sivilisasjonar[endre | endre wikiteksten]

I The Age of Kings kan ein velja mellom tretten folkegrupper. Desse er delt inn i fire arkitektoniske stilar: den vesteuropeiske, den sentraleuropeiske, den arabiske og den austasiatiske.[9] I fyrstnemnde kan ein finna keltarane, britane og frankarane. I den sentraleuropeiske stilen er vikingane, gotarane og teutonarane. Tyrkarane, persarane, sarasenarane og bysantinarane utgjer den tredje arkitektoniske stilen, medan japanarane, mongolarane og kinesarane utgjer den orientalske.

Kvar sivilisasjon har varierande styrkar og veikskapar når det gjeld økonomi, teknologi og krigføring. Til dømes kan keltarane ha full oppgradering av gruvearbeidet, medan vikingane kan ha full oppgradering av matproduksjon. Dette gjev sivilisasjonane ulike fordelar og ulemper. Sivilisasjonane har òg ulikt fokus: Somme har styrkar innan kringsetjing, medan andre er sterkast i bogeskyting. I tillegg vil ein sivilisasjon ha sin individuelle lagbonus som er ulik frå ein annan sivilisasjon sin lagbonus.[10] Eit eksempel på dette er at britane har billegare bygg. Kvar sivilisasjon har tilgang på si eiga unike eining ('unique unit'),[4][11] ei militær eining som er sterkt knytt til sivilisasjonen. Japanarane vil til dømes kunne laga samuraiar, medan britane kan trena langbogeskytarar. For å ha større skilnad mellom kulturane, har kvar sivilisasjon ei samling av utsegner på sitt eige språk når dei vert kommanderte til å gjera ei oppgåve. Viking-soldatar seier til dømes «alt i lagi» dersom dei blir gjevne ordre om å marsjera til ein stad.[12] Gotarane nyttar tysk og bysantinarane er ikkje gjevne eit eige originalspråk.

Einingar[endre | endre wikiteksten]

Kvar spelar har ei bereevne, altså ei populasjonsgrense, på kor mange einingar (soldatar, arbeidarar, skip) spelaren kan ha på banen om gongen. Ein kan bestemma denne grensa før spelet startar – som kan variera frå 75 til 200.[13] Ein unngår då at banen vert overfylt av gedigne hærar.[14] Det er difor viktig å finna balansen mellom sivile og militære einingar. Ein har ikkje høve til å nå bereevna med ein gong, fordi denne grensa er bygd på kor mange hus, slott og hovudbygg ein har. The Age of Kings introduserte to nye merkbare funksjonar: Ein knapp som viste kva for nokre arbeidarar som ikkje hadde vorte tildelt ei oppgåve. Den andre funksjonen var «byklokke-knappen» som sender alle arbeidarane til dei næraste hovudbygga, slotta eller tårna. På desse to nye måtane er det lettare å halda styr på populasjonen. Dersom landsybuarar, og spesialt bogeskotarar, er plassert i eit tårn, hovudbygg eller slott vil det auka forsvarsgraden til bygningen; det vil verta skote fleire piler frå han. Hovudbygga vil ikkje kunne skyte piler i det heile, utan minst éin bogeskotar eller arbeidar.[15]

Alle dei militære einingane i spelet kan delast inn i seks kategoriar: Infanteri, kavaleri, bogeskotarar, fregattar og kringsetjingsvåpen. Dei tre fyrstnemnde fylgjer ofte ein stein-saks-papir-modell, fordi infanteri gjer mykje skade på bygningar, men er svake mot kavaleri. Likevel vil nokre fottroppar som spydberarar og hellebardistar ha ekstra åtaksbonus mot ryttarar.[16] Som nemnt vil kvar sivilisasjon ha tilgang på ei spesialeining (unique unit). Denne militære einingen er sterkt knytt til sivilisasjonen og kulturen. Vikingane vil til dømes kunne laga vikingberserkar, medan persarane kan trena opp krigselefantar. Desse kan dessutan oppgraderast til elitesoldatar. Dette er kostbart, og ein elitesoldat vil sjeldan dukka opp før mot slutten av partiet. Den sjette kategorien – altså kringsetjingsvåpen – vert hovudsakleg brukt til å øydeleggja bygningar og murar.

Munken (monl) er òg ei spesialeining – på mange måtar. Han kan både brukast militært og sivilt. Ein munk kan konvertera motstandarsoldatar til spelaren sin eigen sivilisasjon. Men han dug berre til å konvertera éin soldat om gongen, sidan han må «gjenvinna» trua. Han kan i tillegg lækja allierte arbeidarar, kavaleri, fotsoldatar og andre munkar. Ulempen med ein munk er at han går seint og toler lite. Munkar er den einaste eininga, utanom landsbybuar og fiskebåtar, som kan samla ressursar: Ein munk kan ta over ein relikvie (relic) og deretter føra han attende til klosteret. Dette vil automatisk hopa opp gull hjå spelaren. Di fleire relikviar ein har, di raskare går denne akkumuleringa. Å få fatt i alle fem relikviane som finst på banen kan føra til siger i eit standardparti dersom vinnarvilkåra er sett slik.[16] I dette tilfellet har dei andre spelarane 200 «The Age of Kings-år» på å ta relikviane.

Bygningar[endre | endre wikiteksten]

Bygningane i The Age of Kings kan me dela opp i økonomiske, militære og oppgraderande bygg. Også mange av dei økonomiske eller militære bygningane kan dessutan forska og oppgradera teknologiar som aukar effektiviteten og kvalitetsgraden.[17][18] Til dømes kan ein oppgradera betre vedhogst med ein tømmerleir.

Éin bygning fell under alle desse kategoriane: Hovudbygget, kalla Town center i Age of Empires II. På alle måtar er dette den viktigaste bygningen. Det er der landsbybuarane vert laga og alle ressursar kan samlast. Mange oppgraderingar kan gjerast i hovudbygget, og det er her den viktigaste oppgraderinga tek plass, nemleg utviklinga til neste alder. Hovudbygget er også eit forsvarsbygg. Bygningen kan skyta piler dersom landsbybuarar eller bogeskotarar held seg inne der. Når hovudbygget er øydelagt og alle landsybuarane er drepne, er sivilisasjonen utan tvil «utrydda».

Dei økonomiske bygga – mølle, tømmerleir og gruvelager – er ei «erstatning» for hovudbygget. Kvar og ein av desse kan berre ta imot éin type ressurs. Likevel kan dei gje større fordelar enn hovudbygget, fordi dei kan setjast nærare ressursane. Ein tømmerleir kan setjast i ein skog, slik at arbeidarane slepp å gå frå hovudbygget og til skogen kvar gong. Som nemnt kan desse økonomiske bygga oppgradera teknologiar som er fordelaktig for den særslo;de ressursen. Marknaden er òg eit særs viktig økonomibygg, fordi her kan ein selja og kjøpa ressursar. I tillegg kan ein senda handelsvogner til allierte marknadar. Eit skipsdokk er både ein økonomisk konstruksjon, men òg eit militærbygg. Dokka kanprodusera handelsskip til allierte og fiendtlege hamnar, som vil akkumulera gull. Ho kan i tillegg produsera fiskebåtar, galeiar, kanonskip, fregattar og transferdsskip.

Dei militære bygga inneber stallen (stable), brakka (barrack), bogeskytingshuset (archery range), kringsetjingsbygget (siege workshop) og slottet. Også tårn og murar fell under denne kategorien.[19] Dei tilbyr ulike soldatar; både ridande, gåande og skytande. Med alle desse bygga i hand, kan ein få ein gjæv og varierande hær. Ein kan trena ulike einingar etter kva sivilisasjon ein spelar som, men mange av desse er ganske like. I desse bygga kan spelaren òg oppgradera soldatane til elitesoldatar, til dømes. Oppgraderingane avhenger av kva for ein æra (age) ein er i. Frå stallen kan ein vanlegvis trena riddarar og lett kavaleri. Frankarane kan for eksempel oppgradera riddarane til både kavaler og paladin. I brakka vert fotsoldatar; spydberarar og fektarar laga. Britane, til dømes, kan oppgradera desse til både hellebardistar og champion. I bogeskytingsbygget kan ein laga bogeskotarar, ridande bogeskotarar (cavalry archer) og spydkastarar. Nokre sivilisasjonar kan oppgradera desse – til krossbogemenn til dømes. Alle nemnte oppgraderingar kostar ein del ressursar.

Slottet er både eit forsvarsbygg og eit militært bygg. Det skyt piler utan at folk garnisonert inne i det. Etter at spelaren har nådd Castle Age, kan han byrja å konstruera eit slott, sjølv om at i kongemordparti startar ein med eitt slott.[20] Slottet kan trena mange einingar med vid breidde. Den unike eininga til sivilisasjonen kan trenast i slottet. Sjølvmordsbombarar (petards) og katapultar (trebutchet) er to viktige kringsetjingseiningar. Kanskje den viktigaste rolla med slottet er at spelaren kan trena den unike eininga si. For å kunne trena fleire landsbybuarar og soldatar, må ein ha hus. Kvart hus har plass til fem einingar, som vil seie at uti spelet må spelaren ha mange hus for å oppretthalda ein høg populasjon.[21]

Universitetet og smeden er dei to viktigaste oppgraderande bygga. Ved ein smed kan spelaren betra rustningar, sverd og pilar til soldatane. Ved universitetet kan ein oppgradera til sterkare mur, raskare arbeidarar og meir slitesterke tårn, til dømes. For å få ei effektiv krigføring og kringsetjing, bør spelaren oppgradera mange av teknologiane.

Einspelarmodus[endre | endre wikiteksten]

Standardparti[endre | endre wikiteksten]

I eit standardparti (kalla Random map game) startar spelaren som oftast med tre landsbybuarar og éin ridande speidar. Når ein spelar som kinesarar vil ein starta med 5 landsbybuarar. Ein har litt av kvar ressurs til å setja grunnlag for landsbyutviklinga. Speidaren vert brukt til å oppdaga nye ressursar og motstandarar. Før sjølve runden startar, kan ein setja vilkåra sjølv, som til dømes populasjonsgrense, vanskegrad og talet på motstandarar og allierte. Ein kan velja kva bane ein vil spela på, og setja vinnarvilkåra; høgast poengsum, erobring eller tidsavgrense. Ein kan bestemma kva for ein sivilisajon ein vil spela – eller ein kan setja alle vilkåra på «Random», noko som fører til at alle vilkåra er tilfeldige.

Regicide[endre | endre wikiteksten]

Når ein spelar eit Regicide-parti ('kongemord') byrjar ein med sju arbeidarar meir enn i eit standardparti. På den andre sida startar ein utan gull. Ein byrjar med ein konge og speidar. Som tittelen tilseier, går partiet ut på å myrda kongen til motstandaren – og sjølvsagt må spelaren beskytta sin eigen konge. Ein startar med kongens forsvarsbygg, borga. Partiet er slutt når spelaren sin eigen konge er drepen eller når motstandarane sine kongar er drepne. Eit kongemordparti kan samanliknast med sjakk: Kongen er nøkkelbrikka i spelet, men gjer ikkje stor skade. Som på eit standardparti kan ein velja mange av vilkåra sjølv.

Death match[endre | endre wikiteksten]

Dersom ein vel å spela eit parti som «Death match» ('dødskamp') startar spelarane med eit stort lager av ressursar, noko som vil seia at ressurssanking ikkje får like stor plass. Spelaren kjem godt inn i spelet med ein gong, og må fokusera på å knekka motstandaren fortast mogleg.

Felttog og oppdrag[endre | endre wikiteksten]

I The Age of Kings kan ein ta rolla som Jeanne d'Arc

Det finst fem felttog og 33 oppdrag fordelt på dei ulike felttoga. Alle er historiebasert. Spelaren startar med felttoget om William Wallace som er meir ein veiledning og leksjon for sjølve gangen i spelet. Den lærer spelaren korleis ein fører krig og samlar ressursar. Dei andre felttoga omhandlar Jeanne d'Arc og Hundreårskrigen, den eurasiatiske invasjonen til Djengis Khan, krosstoga til Barbarossa og Saladins forsvar over det heilage land; Midtausten. Både i oppdraga om William Wallace og Jeanne d'Arc kan spelaren bruke karakterar som representerer desse. Spelaren tek imot ordrar frå karakterar som er representative for hærføraren til hæren.[22]

Oppdraga tek ikkje berre spelaren gjennom historiske hendingar, men òg gjennom kulturar og andre banar. Spelarane vert tvinga til å tenkja på ein annan måte i eit oppdrag på grunn av dette.[23]

Fleirspelarmodus[endre | endre wikiteksten]

The Age of Kings gjev systemstøtte til fleirspelarmodus over internett og via LAN. Opp til åtte spelarar kan då ta del i eitt parti, med alle vilkåra moglege. MSN Gaming Sone gav støtte til onlinespeling fram til 19. juni 2006. Alternativ kom fort på banen, der tenesteprogram som GameRanger, Voobly og GameSpy Arcade vart tilrådd.[24][25]

The Age of Empires II-fleirspelarmodus lèt ei gruppe med folk starta eit parti, med stor brukarvenlegheit. Dersom spelarar vil spela ein runde, så kan dei enkelt plugge inn kablar direkte frå den eine datamaskinen til den andre. Fleirspelarmodusen vart spelet sin største hit. Spelarar heldt fram med å spela mot kvarandre over internett. På grunn av denne modusen har spelet halde seg populært i over 12 år.

Tilpassa scenario[endre | endre wikiteksten]

Eit ukomplisert, brukarvenleg redigeringsprogram fylgde med The Age of Kings. Det er eit tilleggsprogram som kan brukast til å laga eigne scenario, oppdrag og banar, med eigne mål og vilkår.[3] Datamaskin-karakteren (NPC) vert automatisk styrt av kunstig intelligens, slik at minimal programmering er naudsynt. Det er òg mogleg å utforma desse scenarioa til eit oppdrag med eigne videoar. På ei anna side så treng berre spelaren å laga ei eiga bane og setja vanlege vinnarvilkår.

Med dette redigeringsprogrammet er det laga fleire innhaldsrike scenario, med både heltar, dialogar og gjennomtenkte historier. Gwyndlegard er kanskje den mest kjende av slike scenario.[26]

Utarbeidinga[endre | endre wikiteksten]

Før ferdiggjeringa av Age of Empires hadde utviklaren Ensemble Studios skrive under på ein kontrakt med Microsoft for ei fortsetjing. Designarane valde å setja The Age of Kings inn i mellomalderen som eit logisk framhald frå Age of Empires sin antikke omgjevnad. Designarane frå Ensemble Studios var medvetne på å fanga den breie appellen til det fyrste spelet utan å gjera det for likt. Allikevel prøvde dei å venda seg mot den enorme spelargruppa som allereie spelte Age of Empires.[27]

Dei sikta på å fullføra spelet innan eitt år ved å bruka kodar frå den opphavlege spelemotoren; Genie game engine. Etter somme månadar i prosessen avslutta dei forsøket, fordi det ikkje var mogleg ferdigstilla eit spel med den kvaliteten dei fyrst tok sikte på. Ensemble Studios måtte difor gje beskjed til Microsoft at dei trong eitt år til. I staden for lagde dei, med bruk av den opphavlege spelemotoren Age of Empires: The Rise of Rome, ein utvidingspakke for Age of Empires. For å nå tidsfristen tilsette Ensemble Studios nye programmerarar, artistar og designarar.[28]

Det førre spelet, Age of Empires, vart kritisert for den kunstige intelligensen (AI). På grunn av at den opphavlege AI-en kunne tilskriva seg ekstra ressursar eller bruka andre teknikkar som menneskelege spelarar ikkje kunne, så var det lettare å tapa enn i andre sanntidsstrategispel. For The Age of Kings forsøkte Ensemble Studios å utvikla eit kraftigare AI-system som ikkje kompromissar ved å «juksa». [29] Industriveteranen Mario Grimani styrte Ensemble Studios i etableringa av det nye systemet. På lågare nivå vil ikkje AI-karakteren juksa til seg ressursar, men på dei høgaste vanskegradane – moderate, hard og hardest – vil han verta gjeven gratis ressursar både i tide og utide.

For å overvinna ei anna vesentleg innvending mot Age of Empires, måtte utviklarane fullstendig redesigna rørslesystemet åt spelemotoren. Utviklarane måtte òg bruka mange månadar på å løysa opp i fleire småfeil mot slutten av The Age of Kings si framstilling. Ensemble Studios fann opp eit nytt terrengsystem for spelet, med 3D-framsyningsmoglegheiter som var overlegent heva over systemet frå Age of Empires.[28] Programmeraren Matt Pritchard – som tidlegare hadde kritisert forgjengarspelet – la merke til ei bedring i den kunstnarlege dugleiken til designarlaget. «The Age of Kings vart eit utstillingvindauge for det styrkte talentet deira,» skreiv han i sin eigen omtale.[28]

Ein demo av spelet kom ut 16. oktober 1999. Denne inneheldt leksjonsoppdraget med William Wallace og moglegheiten til å spela eit standardparti. Til Ensemble Studios sit store vonbrot vart fleire uferdige versjonar lekte ut og selde ulovleg.

The Age of Kings opna bruken av eit «trigger»-system for spelet sitt scenarioredigeringsprogram. Desse avtrekkarane (trigger) lèt meldingar visast eller sette i gang handlingar basert på fastsette kriterium.

Musikk[endre | endre wikiteksten]

Lydspora for The Age of Kings var regissert av amerikanaren Stephen Rippy, som sidan har teke rolla for alle spela i Age of Empires-serien. Han planla det slik at kvart folk fekk sitt eiget lydspor. Vikingane hadde eit klipp av lurblåsing, medan mongolarane hadde eit lydklipp av mongolsk strupesong.

Nr.TittelLengd
1.«Shamburger»3:25
2.«I Will Beat On Your Behind»2:58
3.«Drizzle (Firelight Smoove Mix)»2:40
4.«Machina del Diablo»3:00
5.«T Station»3:13
6.«Bass Bag»3:10
7.«Ride, Lawrence, Ride!»2:53
8.«Smells like Crickets, Tastes Like Chicken»3:01
9.«Operation: Monkey»3:26
10.«Tazer»2:55

Omtale[endre | endre wikiteksten]

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Gamerankings92%[30]
Metacritic92%[31]
Allgame4.5/5 stars[3]
Computer and Video Games9.0/10
Edge8/10[32]
Eurogamer9/10[12]
GamePro5/5 stars[15]
Game RevolutionA-[33]
GameSpot9.1/10[4]
GameSpy89/100[34]
IGN8.8/10[35]
PC Zone9.0/10

Mottakinga til The Age of Kings var særs positiv. Spelet skåra 92 av 100 på både Gamerankings og Metacritic.[30][31] Ifylgje Geoff Richards, skribent i Eurogamer, er «lista over nye funksjonar og betringar over det originale spelet er meir enn ei side lang.»[12] Omtala til GamePro fokuserte likeins på dei «nye tillegga til sjangeren sjølv», som gjorde The Age of Kings eineståande.[15] GameSpy sin kritikar Carlos Salgado var nøgd med andre tillegg; han prisa moglegheita kvar og ein spelar hadde til å laga ein personleg profil og evna til å skreddarsy eigne hurtigtastar. På ei anna side sette IGN pris på dei nye duglegheitane til innbyggaren; «arbeidarane speler ei viktig rolle; ikkje berre i innsamlinga av ressursar, men også i landsby-forsvar og strid», uttalte omtalen.[35]

Michael L. House frå Allgame sette pris på bruken av lyd frå sivilisasjonane sine språk, som han meinte hadde «stor innverknad på å skapa ein forsterka stemning av ei annan æra».[3] Eurogamer sa at «denne funksjonen gav einingane ein personlegdom, i staden for den vanlege, vidgjetne krigsbrølinga i militære RTS-spel.» Dessutan uttala han at bruken av både mannlege og kvinnelege arbeidarar sørgde for ein gild variasjon.[12] Omtala til Game Revolution forklarte at når spelet er sett til ein nylegare epoke, klarte The Age of Kings å «tilføya særpreg til ein elles upersonleg spelestil».[23]

Oppfølgarar[endre | endre wikiteksten]

Mindre enn ein månad seinare gav Microsoft Games ut eit utvidingsspel til The Age of Kings. The Conquerors kom ut i august 2000. Spelet utvida det opphavlege Age of Empires II med mange forskjellige funksjonar. Det mest openberre er nok at det vart lagt til fem nye sivilisasjonar. To av desse – mayaene og aztekarane – representerte «den nye verda». The Conquerors inneheld eit Battles of the Conquerors-felttog som rommar sjølvstendige slag, som slaget ved Hastings. Age of Mythology, utgjeve i 2002, gjekk vekk ifrå den historiske delen og fokuserte i staden på gresk, egyptisk og norrøn mytologi. Spelet inneheldt mykje av det same som forgjengarane, men er likevel ein spin-off.[36]

Age of Empires III vart utgjeve i 2005, og tok for seg den europeiske koloniseringa og nybygginga i Amerika. Sett bort frå betre grafikk var også dette spelet likt som dei førre i Age of Empires II-serien.[37]

Hausten 2012 kom det ut ein tredje utvidingspakke til The Age of Kings, kalla Forgotten Empires.[38] Spelet inneheldt for det meste fleire sivilisasjonar som tidlegare var «gløymde», som italienarane og inkaene.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Kasavin, Greg (2000). Age of Empires II: The Conquerors Expansion Review». GameSpot. Henta 5. august 2012. 
  2. «Civilizations». Microsoft Games. Henta 9. juni 2012. 
  3. 3,0 3,1 3,2 3,3 3,4 3,5 «House, Michael L. Age of Empires II: The Age of Kings». Allgame. Henta 9. juni 2012. 
  4. 4,0 4,1 4,2 «Kasavin, Greg (1999). Age of Empires II: The Age of Kings Review». GameSpot. Henta 9. juni 2012. 
  5. Game Reference – Age of Empires II: The Age of Kings. Microsoft Corporation. , s. 31
  6. «Chin, Elliot. The First Age, and how to get started». GameSpot. Henta 9. juni 2012. 
  7. 7,0 7,1 «Chin, Elliot. Overview of Resources». GameSpot. Henta 9. juni 2012. 
  8. «Jason Bates, Steve Butts (1999). Age of Empires II: The Age of Kings». IGN. Henta 9. juni 2012. 
  9. «Age of Kings – Buildings». Planet Age of Empires, GameSpy. Henta 9. juni 2012. 
  10. Game Reference – Age of Empires II: The Age of Kings. Microsoft Corporation, s. 14
  11. «Chin, Elliot. Unique Units». GameSpot. Henta 2. juli 2012. 
  12. 12,0 12,1 12,2 12,3 «Geoff, Richard (1999). Age of Empires II: The Age of Kings Review». Eurogamer. Henta 2. juli 2012. 
  13. Game Reference – Age of Empires II: The Age of Kings. Microsoft Corporation, s. 28
  14. «Wadleigh, Matt (2003). Age of Empires 2: The Age of Kings». Thunderbolt Games. Henta 9. juni 2012. 
  15. 15,0 15,1 15,2 «Werner, Nash (2000). Age of Empires II». GamePro. Henta 2. juli 2012. 
  16. 16,0 16,1 «Chin, Elliot. Infantry». GameSpot. Henta 2. juli 2012. 
  17. Game Reference – Age of Empires II: The Age of Kings. Microsoft Corporation, s. 48
  18. Game Reference – Age of Empires II: The Age of Kings. Microsoft Corporation, s. 54
  19. Game Reference – Age of Empires II: The Age of Kings. Microsoft Corporation, s. 54–58
  20. Game Reference – Age of Empires II: The Age of Kings. Microsoft Corporation, s. 13
  21. Game Reference – Age of Empires II: The Age of Kings. Microsoft Corporation, s. 48–53
  22. «Chin, Elliot. Campaign Walkthroughs». GameSpot. Henta 1. august 2012. 
  23. 23,0 23,1 «(2006). Age of Empires II: The Age of Kings Member Review for the PC». Game Revolution. Henta 4. august 2012. 
  24. «Age of Empires matchmaking on MSN Games has been retired – thank you so much for playing!». MSN Games. Henta 2. juli 2012. 
  25. «How to play Age of Empires 2 Online and use Voobly». Youtube. Henta 1. august 2012. 
  26. «Lord Basse (2010). Gwyndlegard». Age of Kings Heavengames. Henta 8. august 2012. 
  27. «Pritchard, Matthew (2000). Postmortem: Ensemble Studio’s Age of Empires II: The Age of Kings – Catching Up». Gamasutra. Henta 9. juni 2012. 
  28. 28,0 28,1 28,2 «Pritchard, Matthew (2000). Postmortem: Ensemble Studio’s Age of Empires II: The Age of Kings – What Went Right». Gamasutra. Henta 9. juni 2012. 
  29. «Pottinger, Dave (2008). Dave Pottinger». Microsoft Games. Henta 2. juli 2012. 
  30. 30,0 30,1 «Age of Empires II: The Age of Kings – PC». GameRankings. Henta 9. juni 2012. 
  31. 31,0 31,1 «Age of Empires II: The Age of Kings – PC». Metacritic. Henta 9. juni 2012. 
  32. «Edge Online Search. Arkivert frå den opphavlege omtalen». Edge. Henta 1. august 2012. 
  33. «(1999). Age of Empires II: The Age of Kings Review». Game Revolution. Henta 4. august 2012. 
  34. «Salgado, Carlos (1999). A Game Fit for Kings». GameSpy. Henta 1. august 2012. 
  35. 35,0 35,1 «IGN Staff (1999) Age of Empires II: The Age of Kings». IGN. Henta 1. august 2012. 
  36. «Kasavin, Greg (2002). Age of Mythology Review». GameSpot. Henta 1. august 2012. 
  37. «Dodson, Joe (2005). Age of Empires III Review». Game Revolution. Henta 2. juli 2012. 
  38. «Guarnuccio, Luigi (2012). Age of Empires II: Forgotten Empires Expansion Coming In 2012». Gamers Haven News. Henta 2. juli 2012.