Agen
Utsjånad
| Agen | |||||
|---|---|---|---|---|---|
| |||||
| Land Region Departement |
Frankrike Nouvelle-Aquitaine Lot-et-Garonne | ||||
| Flatevidd | 11,49 km² | ||||
| Flatevidd • By |
11,49 km² | ||||
| Innbyggjarar • By (1999) - folketettleik |
30 170 2 626/km² | ||||
| Koordinatar | 44°12′N 00°37′E / 44.200°N 0.617°E | ||||
| Høgd | 48 m | ||||
| Tidssone • Ved sommartid |
CET (UTC+1) UTC+2 (UTC) | ||||
| Postnummer | 47000 | ||||
| Nettstad: www.agen.fr | |||||
Agen er ein by og kommune sørvest i Frankrike. Han er préfecture (administrasjonsstad) i departementet Lot-et-Garonne i regionen Nouvelle-Aquitaine og har om lag 30 000 innbyggjarar.
Agen er eit katolsk bispesete, og er underbispedøe under erkebispedømet i Bordeaux.
I Frankrike er Agen kjend som «sviskehovudstaden», etter mattypen som det vert dyrka og produsert mykje av her.
Attraksjonar
[endre | endre wikiteksten]Domkyrkja i Agen, St. Caprais frå 1100-talet, er tileigna St. Caprasius og er ei av dei få store kyrkjene i Frankrike med eit dobbelt skip. Denne noko upraktiske løysinga kan vere ein eigenskap frå området, sidan det ligg liknande kyrkjer i nærleiken, som i Toulouse.
