Agflasjon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Agflasjon er inflasjon som følgje av ein auke i prisane på råvarer frå landbruket. Denne prisauken er i stor grad ført over på forbrukar som følgje av høgare matvareprisar. Omgrepet vart først brukt under matvareprisauken mellom 2007 og 2008[1] og er ein kombinasjon av orda agrikultur (landbruk) og inflasjon.[2]

Prisauken vert ofte ført vidare til konsumentane, men kan òg absorberast i grossistledd[2]. Ei årsak til agflasjon dei siste åra er den aukande produksjonen av biobrensel som har ført til at fleire jordbruksprodukt, som soyabønner og mais, ikkje vert selde som mat, noko som fører til auka priser på matprodukta.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Rising food prices: The agonies of agflation» (web). The Economist. 25. august 2007. Henta 4. juni 2012. «Food prices around the world are rising so quickly that a new term has been coined to describe the ballooning price of breakfast staples and dinner-time favourites: agflation.» 
  2. 2,0 2,1 2,2 «Agflation Definition» (web). Investopedia. Henta 4. juni 2012.