Aggresjon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Broom icon.png Denne artikkelen kan ha godt av ein språkvask, som reinskar opp målføringa og/eller innfører same språkstilen overalt.
Broom icon.svg Denne artikkelen kan ha godt av ei opprydding for å nå ein høgare standard og/eller for å verta i tråd med standardoppsettet. Sjå korleis du redigerer ei side og stilmanualen for hjelp.
Illustrasjon frå avisa Le Petit Parisien (1909)

Aggresjon (av lat. aggredior, angripa) er eit omgrep innanfor psykologi og åtferdsbiologi som skildrar åtferd som har til føremål å forårsaka udmjuking, skade eller smerte. Aggresjon kan vera anten fysisk (slag, bit, spark m.m.), mental (psykisk terror) eller verbal (truslar). Aggresjon i seg sjølv er ikkje vald, sjølv om den kan leia til det. Det finst to former for aggresjon. Reaktiv aggressivitet vert definert som ein stabil tendens til å verta sint i møte med frustrasjonar eller provokasjonar, slik at ein lèt sinne få utløp i negative handlingar. Dette fører ofte til ein meir intens emosjonell aktivering (Roland & Idsøe, 2001).[1] Proaktiv aggresjon er definert som ei negativ handling der målet er å oppnå makt eller tilhørighet ved å påføra andre skade (Roland & Idsøe, 2001).

Aggresjon hos menneske[endre | endre wikiteksten]

Aggresjonen hos menneske er kompleks av natur sett i lys av kulturskilnader, moralske ståsteder og ulike haldningar.

Det finst mange situasjonelle faktorar som kan vera med på å utløysa aggresjon hos menneske. Det er til dømes vist at aggressive valdshandlingar spelar seg ut på spesifikke dagar i veka (Anderson& Anderson, 1984).[2] Andre døme kan vera frustrasjon, mangel på søvn og næring, og fysisk ubehag.

Påverknaden til temperaturen på aggresjon[endre | endre wikiteksten]

Allmenn kunnskap tilsier at det er eit tilhøve mellom temperatur og aggresjon. Kjende ordtak som «det kokar over for ein», eller at ein ”må «kjøla seg ned”» når ein er sint, er lett identifiserbare. Forskarar har teke denne kunnskapen eit hakk vidare ved å studera om det faktisk finst ein reell samanheng mellom temperatur og aggresjon. Testar på dette er gjort både i laboratorium og i naturlege omgivnader. Til å byrja med forheldt ein seg berre til laboratoria, men det vart sett spørsmålsteikn rundt om detta kunne generaliserast til å gjelda i den verkelege verda.

Aggressiv åtferd var tidlegare anteke å verta hyppigare ved auka temperatur opp til eit visst punkt, for så å søkka når temperaturen auka ytterlegare. (Baron & Bell 1976).[3] Hypotesa vart testa ved laboratorieforsøk der deltagerne vart utsett for gradvis aukande varme. Spørsmålet var om funna hadde relevans i tilhøve til røyndomen, då forsøkspersonane visste at dei ville unnslippe varmen så snart forsøket var over. I tillegg kunne det opptre andre situasjonelle faktorar som kunne vera med å påverka resultatet, slik at deltakarane ikkje opptredde naturleg i laboratoriets kunstige omgivnader.

Seinare vart det derimot gjort eit forsøk i naturlege omgivnader for å sjå om denne effekten faktisk kunne tilskrives temperaturmanipulasjonen (Carlsmith & Anderson 1979).[4] Forsøket gjekk ut på å observera baseballkampar spelt på varme dagar og mengd opptøyer som fann stad etter kampane. Det viste at desto seg høgare temperatur, desto større sjanse var det for at det vart opptøyer.

Anderson og Anderson ynskte å finna ut meir av dette fenomenet og gjekk vidare og så på samanhengen mellom kriminelle handlingar og temperatur i Chicago over ein 90 dagars periode sommaren 1977.[5] Dei fann då ein klår korrelasjon mellom temperaturen og mengd rapporterte kriminelle handlingar.

For å vidare stø opp om sin hypotese, gjekk dei i gang med ein lengre studie i Houston, der dei skilde mellom valdeleg kriminalitet (mord og voldtekt) og ikkje-valdeleg (ran og brannstiftelse). Ved å gjera dette, fall eventuelle forstyrrande faktorar i deres første studie bort. Dei samla inn relevante data frå Houston Chronicle, som nesten kvar dag publiserte data frå politiet om lovbrotet til det siste døgn. Informasjonen dei fekk tak i vart vidare samanlikna med Houstons maks temperatur per dag henta frå National Oceanic and Atmospheric Administration. Dette viste òg ein klår lineær korrelasjon mellom valdeleg kriminalitet og høge temperaturtilhøve (Anderson & Anderson 1984).

Andre studium stør opp om same problemstilling, til dømes ein studie gjennomført av Kenrick og MacFarlane. Den viser at sannsynligheiten for aggressiv åtferd hos bilsjåfører aukar når dei er i omgivnader med høg temperatur. Sjåførane viste irritabilitet og aggressivitet ved å bruka bilhornet dersom bilen ikkje byrja å køyra med ein gong når trafikklyset skifta til grønt. Sjåførane som vart testa hadde vindauget rulla ned, og ein antok då at dei ikkje hadde klimaanlegg i bilen. Resultatet på studiet viste ein direkte lineær auke i mengd tut i tilhøve til auka temperatur.

Til trass for at funna som vart gjort korrelerer, er det likevel ein tanke å sjå på kva som skjer dersom temperaturen held fram å stiga. Som menneske har vi avgrensingar på kva vi kan tola, og for høge temperaturar fører til at vi til slutt tørstar ut og døyr. Dette vil føra til svært lite aggressiv handling, så ein kan diskutera om det ikkje er eit kurvlineært tilhøve likevel.

Aggresjon hos dyr[endre | endre wikiteksten]

Aggresjon hos ville mustangar

Aggresjon hos dyr er naturleg, og kan i mange samanhengar vera seksuelt betinga, spesielt hos ville dyr av same art. Det handlar om retten til å formera seg. Matrelatert aggresjon og territorial aggresjon er òg normal åtferd hos mange dyr, spesielt ville. Blant flokkdyr er dominansaggresjon òg normalt.

Aggresjon hos tamhund[endre | endre wikiteksten]

Aggresjon hos Schæferhund

Det er to typar aggresjon hos tamhunden, ønskeleg og uønskelig, sett frå eit menneskeleg ståsted. Fordi tamhunden lever i nær tilknyting til menneske, er åtferda til hunden av stor tyding både for den og velvera til menneska. Hovudproblemet i dette tilhøvet er hundens tendens til aggresjon mot menneske og andre dyr.[6]

Ønskeleg aggresjon[endre | endre wikiteksten]

Fleire hunderasar er selektivt utvalt for sin aggresjon, og då spesielt aggresjon mot framande. Rottweiler, dobermann og schæferhund er døme på hunderasar som har vorte selektert på grunn av slik åtferd, og Hart og Hart (1985) har dokumentert at nettopp desse rasa figurerer i toppsjiktet blant hunderasar med eit sterkt territorialforsvar.[7] Selektivt utvalt for sin aggresjon er òg mange andre hunderasar, rasar vi i dag gjerne forbind med vakthundar, vokterhunder og kamphundar.

Uønskelig aggresjon[endre | endre wikiteksten]

Hart og Harts studie indikerer òg at hunderasar som foxterrier, sibirsk husky, afghansk mynde, dvergschnauzer, skotsk terrier og chow-chow har ein tendens til å vera meir dominante ovanfor sina eigarar enn andre hunderasar. Og rasa west highland white terrier, foxterrier, dvergschnauzer, skotsk terrier og chow-chow har ein auka tendens til aggresjon mot framande hundar.

Gjennom åra er det gjort mange forsøk på å inndela hundens aggresjonsmønster, men det herskar enno stor usemje omkring korleis dette kan gjennomførast størst mogleg nøyaktig. Problemet hengjer saman med vansken med å velja ut rett populasjon som referansegruppe. Overall (1997) delte aggresjonen inn i 13 subgrupper; maternal, leik, frykt, smerte, territorial, vern-, hundar imellom, avstraffelses-, matrelatert, eiendomsrelatert, røversk, dominans-, og idiopatisk aggresjon.[8]

I ein studie frå Animal Behaviour Clinic, College of Veterinary Medicine, Cornell University i USA, vart hunderasar med aggresjon mot framande og angstrelatert aggresjon samanlikna med hunderasar som vart presentert ved Veterinary Medical Teaching Hospital i same tidsrom. Berre individuelle hunderasar med 10 eller fleire hundar innan kvart åtferdsproblem (kategori) vart evaluert. Undersøkinga viste at engelsk spring spaniel var betydeleg meir vanleg blant hundar som viser aggresjon mot sina eigarar (10,7%) enn blant dem som viser aggresjon mot framande (0,0%).[9] Blant hunderasar som viser aggresjon mot framande utgjorde labrador retriever heile 12%, samanlikna med 0,0% aggresjon mot sina eigarar. Engelsk spring spaniel og rottweiler (men altså ikkje schæferhund) viste betydeleg (P < 0,005) større aggresjon mot sina eigarar enn andre hunderasar i undersøkinga. Studien viser òg (første gong dokumentert) at rottweiler hyppigare enn før anteken framvisar dominant aggresjon.

Aggresjonsproblema med engelsk springar spaniel vert òg støtta av anna forsking, blant anna Borchelt, 1983; Landberg, 1991; Line and Voith, 1986.[10][11][12] Endringar i neurotransmitternivåene hos engelsk springar spaniel antyder ei genetisk årsak, der eit enkelt gen kan visa seg å vera ansvarleg. Reisner m.fl. (1996) hevdar at det kan sjå ut som om at hunderasen har reduserte stoffskiftenivå av serotonin og dopamin.[13]

Aggresjon og pelsfargar[endre | endre wikiteksten]

Fordi mange studium med pelsdyr har vist at farging kan påverka åtferda hos dyr, vart det sett igang ei studie med svart, brun og gul labrador retriever, for å avdekka om pelsfarga påverka aggresjonsmønsteret. Hundane som gjekk inn i studien var alle pasientar med medisinske problem ved The Veterinary Medical Teaching Hospital of Cornell University i USA. Resultata vart samanlikna med resultat frå Animal Behavior Clinic for aggression, der hundane var pasientar med aggresjonsproblem.

Studien avsløra at brune labrador retrieverar var underrepresenterte i aggresjonsproblematikk, samanlikna med det ein kunne forventa i tilhøve til mengda dyr med medisinske problem. Svarte individ var i balanse, medan gule individ var overrepresentert.

Podberscek og Serpell (1996) avdekte at ensfarga cocker spaniel oftare var aggressive enn partyfarga. Blant ensfarga var raude oftare aggressive enn svarte individ.[14]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Roland, E. & Idsøe.
  2. Anderson, C. A., & Anderson, D. C. (1984).
  3. Baron, R. A., & Bell, P. A. (1976).
  4. Carlsmith, J. and Anderson, A. (1979).
  5. Craig A Anderson og Dona C. Anderson (1984). «Ambient Temperature and Violent Crime: Tests of the Linear and Curvilinear Hypotheses» (PDF). Jounal of Personality and Social Psychology. Henta 18. juni 2018. 
  6. Mugford, R.A. (1995) Canine behavioural therapy.
  7. Hart, B.L. and Hart, L.A. (1985) Selecting pet dogs on the basis of cluster analysis of breedbehavior profiles andgend er.
  8. Overall, K.L. (1997) Clinical Behavioral Medicine for Small Animals.
  9. Takeuchi, Y., Ogata, N., Houpt, K.A. andScarlett, J.M. (2001) Differences in backgroundandoutcome of three behavior problems of dogs.
  10. Borchelt, P.L. (1983) Aggressive behaviour of dogs kept as companion animals, classification andinfluence of sex, reproductive status andbreed.
  11. Landsberg, G.M. (1991) The distribution of canine behavior cases at three behavior referral practices.
  12. Line, S. and Voith, V.L. (1986) Dominance aggression of dogs towards people: behavior profile andresponse to treatment.
  13. Reisner, I.R., Mann, J.J., Stanley, M., Huang, Y.-Y. and Houpt, K.A. (1996) Comparison of cerebrospinal fluidmonoamine metabolite levels in dominant-aggressive and non-aggressive dogs.
  14. Podberscek, A.L. and Serpell, J.A. (1996) The English Cocker spaniel: preliminary findings on aggressive behaviour.