Hopp til innhald

Agnar Hagen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Agnar Hagen
StatsborgarskapNoreg
Fødd11. november 1904
Død 23. februar 1996 (91 år)
Idrettfriidrett

Agnar Helge Mauritz Hagen, fødd Hollan, (11. november 1904–23. februar 1996) var ein norsk friidrettsutøvar frå Oslo som åra 1928-30 vart noregsmeister på så vel 100 meter som 200 meter, sidan heldt han fram å verte noregsmeister på 200 meter i 1932, 1933 og 1935.

Perioden 1926-36 vann Hagen seks (3-2-1) NM-medaljar på 100 meter, åtte (6-0-2) på 200 m og i 1933 NM-sølv på 400 meter. Han sette personleg rekord på 100 meter med tida 10,8 sekund då han vann gullmedaljen på distansen under NM i friidrett 1929 på Bislett stadion i Oslo. Seinare fekk han notert same tida i fleire tevlingar. Bestetida på 200 m var 22,1 sekund.

Hagen var medlem i Oslo Turnforening.