Hopp til innhald

Agnes Kittelsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Agnes Kittelsen

Fødd20. mai 1980 (46 år)
FødestadVågsbygd
FødenamnAgnes Elisabet Hilden Kittelsen
Aktive år2004
Verka somfjernsynsskodespelar, skodespelar, teaterskodespelar, filmskodespelar
EktefelleLars Winnerbäck
PrisarAmandaprisen for beste kvinnelige birolle, Kanonprisen for beste kvinnelege hovudrolle

Agnes Elisabet Hilden Kittelsen (fødd 20. mai 1980) er ein norsk skodespelar frå Vågsbygd i Kristiansand.

Agnes Kittelsen er utdanna ved Statens teaterhøgskole, der ho vart uteksaminert i 2003. Som ein del av utdanninga deltok ho i ei moderne oppsetjing av Aladdin som amatørskodespelar i 2002.

Ho debuterte på fjernsyn i 2004 i NRK-serien Skolen, og spelte same året i kortfilmen Bagasje. Året etter hadde ho ei birolle i Brødrene Dal og mysteriet om Karl XIIs gamasjer. Hausten 2005 spelte ho ved Den Nationale Scene hovudrolla i Alice i Eventyrland.

Langfilmdebuten til Kittelsen kom med filmen Max Manus i 2008, der ho spelte Tikken Manus, kona til hovudpersonen. For denne rolla vann Kittelsen Amandaprisen for 2009 i klassen «beste kvinnelege birolle».

Etter dette spelte Kittelsen i fjernsynsserien Honningfellen (2009), før ho i 2010 fekk hovudrolla i den norske komedien Sykt lykkelig, med regi av Anne Sewitsky. Ho hadde også ei rolle i fjernsynsserien Dag.

Kittelsen har også hatt rolla som Unn den fagre Herøyspelet i mange år.

Kittelsen har ein son med den tidlegare sambuaren sin, skodespelaren Endre Hellestveit.[1]

Sidan 2013 har ho vore saman med den svenske musikaren Lars Winnerbäck.[2] Paret gifta seg i Stockholm 30. april 2016.[3] I mars 2019 fekk dei ei dotter.[4]

Rolleliste

[endre | endre wikiteksten]
  • 2004: Skolen (fjernsynsserie)
  • 2004: Bagasje (kortfilm)
  • 2005: Alice i Eventyrland (teater)
  • 2005: Brødrene Dal og mysteriet om Karl XIIs gamasjer (miniserie)
  • 2006: Road Movie (kortfilm)
  • 2007: Kaldt produkt (teater)
  • 2008: Max Manus (film)
  • 2009: Honningfellen (fjernsynsserie)
  • 2010: Sykt lykkelig (film)
  • 2010: Neglect (kortfilm)
  • 2010: Dag (fjernsynsserie)
  • 2012: Halvbroren (fjernsynsserie)
  • 2012: Kon-Tiki (film)
  • 2014: Herøyspelet (teater)
  1. -Det aller viktigste er å være til stede for Vetle Arkivert 2011-10-18 ved Wayback Machine., Seher.no, 18. oktober 2011
  2. Elise Alexandra Gulbrandsen (2015-04-24). «Winnerbäck om sin norske kjærlighet: – Det er fantastisk». VG. Henta 2019-04-14.
  3. «Nå er de gift!». TV 2. 2016-04-30. Henta 2016-05-01.
  4. Marit Grøtte; Silje Lunde Krosby (2019-04-13). «Agnes Kittelsen og Lars Winnerbäck er blitt foreldre». TV 2. Henta 2019-04-14.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]