Agnes Mowinckel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Agnes Mowinckel

Fødd25. august 1875
FødestadBergen
Død1. april 1963 (87 år)
DødsstadOslo
Aktive år1899–1963
Verka somsceneinstruktør, skodespelar

Agnes Mowinckel (25. august 18751. april 1963) var ein norsk skodespelar og teaterinstruktør frå Bergen. Både som skodespelar og seinare instruktør stod ho i aller fremste rekke i norsk teater i den fyrste halvdelen av det 20. hundreåret.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Agnes Mowinckel som Fru Inger til Austråt, 1921

Mowinckel gjekk Den kongelige tegneskole i Kristiania. I 1899 debuterte ho som skodespelar på Den Nationale Scene i heimbyen. Då ekteparet Ludovica og Dore Lavik starta Sekondteatret i hovedstaden i 1900 fylgde ganske nygifte Mowinckel med. Etter to år på Sekondteatret, var ho dei neste to åra tilsett på Fahlstrøms Teater. Ho vart skild, så åra 1909-10 reiste ho på turnear. Folketeljinga i desember 1910 viser ho var i Harstad, saman med ein teatertropp på 10-11 andre skodespelarar. I 1911 arbeidde Moweinckel på ei scene i Trondheim. Sidan var ho med på gjestespel i Bergen og på Centralteatret i Oslo.

Ho var fast sceneinstruktør ved Det Norske Teatret 1923-25, ved Nationaltheatret 1925-27 og Det Nye Teater 1932-35. Sesongen 1927-28 dreiv ho eksperimentteatret Balkongen i Oslo. På 1930-talet var ho delaktig då teatersjefen Hans Jacob Nilsen introduserte moderne samtidsdramatikk i Noreg.

Mowinckel, som fekk statens kunstnarløn frå 1945, hadde gjennom fleire tiår ein «framskoten plass» i norsk teater. Skodespelaren Mowinckel nådde «lengst i store karakterroller som Fru Inger til Østraat, Fruen fra havet, fru Alving i Gengangere, fru Bohn i Dangardsfolket og Merete Beyer i Anne Pedersdotter». Instruktøren Mowinckel var påverka av russisk og tysk teater, og stod fram som ein radikal fornyar på Det Norske Teatret, der ho «lyfta repertoar og spel opp i eit høgre plan». Ho stod her for gode oppsetjingar av Jo Gjende, Dangardsfolket, Myrkemakt, Karl og Anna, Alle Guds born har vengjer, Köpenick-kapteinen, Jegor Bulytsjov, Kongsemnerne og Dødsdansen. På Nationalteathret iscenesette ho fleire stykke av Henrik Ibsen, og dramatiserte verk av Bjørnstjerne Bjørnson, Alexander L. Kielland og Amalie Skram og Nederlaget av Nordahl Grieg.

Så seint som 1952 instruerte ho Tante Ulrikke, skrive av svogeren Gunnar Heiberg, då Folketeatret i Oslo opna dørene.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]