Agnete Johnsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Agnete Kristin Johnsen)
Gå til: navigering, søk
Agnete Johnsen
The BlackSheeps MGP 2011.jpg
Nikolaj Nordbakk Gloppen, Agnete Johnsen og Emelie Nilsen
Verkeleg namn Agnete Kristin Johnsen
Alias Aggi
Fødd 4. juli 1994
Varangerbotn i Finnmark i Noreg
Instrument Vokal
Sjanger Rock
Aktive år 2006–idag
Yrke Songar
Tilknytte artistar The BlackSheeps

Agnete Kristin Johnsen (fødd 4. juli 1994 i Varangerbotn) er ein norsk songar og frontfigur i rockegruppa The BlackSheeps.

Eurovision[endre | endre wikiteksten]

Melodi Grand Prix Junior 2008[endre | endre wikiteksten]

I 2008 vann Johnsen, som ein del av gruppa The BlackSheeps, Melodi Grand Prix Junior 2008 med songen «Oro jaska beana». Etter sigeren i Melodi Grand Prix Junior 2008 fekk gruppa representere Noreg i Melodi Grand Prix Junior Nordic 2008 og vann.

Melodi Grand Prix 2011[endre | endre wikiteksten]

I 2011 skreiv gruppa historie då dei deltok i Melodi Grand Prix med songen «Dance Tonight». I den tredje semifinalen enda dei på andreplass og gjekk vidare til finalen. Dei fekk óg ein andreplass i finalen, og fekk ikkje representere Noreg i Eurovision Song Contest 2011 i Düsseldorf i Tyskland.

Melodi Grand Prix Junior 2013[endre | endre wikiteksten]

Under superfinalen i Melodi Grand Prix Junior 2013 framførte Johnsen, under namnet Aggie, songen «Goin' Insane».

Melodi Grand Prix 2016[endre | endre wikiteksten]

På ein pressekonferanse arrangert av Norsk rikskringkasting 19. januar 2016 vart Johnsen presentert som ein av artistane og låtskrivarane i Melodi Grand Prix 2016.[1] Ho skal framføre «Icebreaker», som ho har skriven saman med Gabriel Alares og Ian Curnow.[1]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Agnete. Norsk rikskringkasting (19. januar 2016). Vitja 19. januar 2016.