Agogna
Agogna | |||
elv | |||
Nær Borgomanero
| |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Nedslagsfelt | 995 km² | ||
Lengd | 140 km | ||
Middelvassføring | 16 m³/s | ||
Kjelde | Monte Mottarone | ||
- høgd | om lag 1 000 moh. | ||
Munning | Po | ||
![]() Agogna | |||
Wikimedia Commons: Agogna | |||
Agogna (piemontesisk Agògna) er ei smal, men 140 km lang elv som renn gjennom regionane Piemonte og Lombardia i Italia og er ein av sideelvane til Po frå venstre.
Elva har utspring i området mellom Ortasjøen og Lago Maggiore. Ho renn så inn i provinsen Novara, provinsen Pavia, Lomellina (i kommunane Castello d'Agogna og Lomello), og mottar Erbognone frå venstre. Ho munnar ut i Po ved Balossa Bigli, ein del av kommunen Mezzana Bigli.
Under Napoleonskrigane gav Agogna namnet til eit departement i Det napoleonske kongedømet Italia med Novara som hovudstad.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Agogna» frå Wikipedia på engelsk, den 16. november 2007.