Agone

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Denne artikkelen handlar om dødskamp. For omgrepet i jordmagnetisme, sjå agonal linje.

Agone eller dødskamp er tilstanden like før døden finn stad. Andletsuttrykket vert gjerne endra, augo blir matte, hender og føter kalde, andinga rallande, pulsen svak eller ukjenneleg. Medvitet kan vere bevart, men den sjuke er som regel omtåka eller heilt medvitslaus. Det agonale stadiet kan vare over forskjellige tid, oftast nokre timar. Oftast døyr den sjuke roleg utan nokon «kamp».

Kjelder[endre | endre wikiteksten]