Agra

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Agra
devanagari आगरा, urduskrift آگرا
By
none  Taj Mahal i Agra
Taj Mahal i Agra
Distrikt Agra
Areal 188 km²
Folketal 1 650 000 (2008)

Agra er ein by i delstaten Uttar Pradesh nord i India. Han har kring 1,65 millionar innbyggjarar (2008). Agra ligg ved breidden av elva Yamuna, og er særleg kjend for mogulmausoleet Taj Mahal som ligg her.

Agra har 1 260 000 innbyggjarar (2001). Han ligg 19 mil søraust for Delhi. Agra er eit samferdsleknutepunkt med fleire industriar, mellom anna produksjon av fottøy, glas, smykke og tekstilar. Turisme er ein viktig industri ettersom byen har fleire storslåtte bygg og anlegg frå mogultida.

Agra blei først hovudstad under Delhi-sultanatet frå 1501. Mogulane kalla han Akbarabād, og hadde byen som hovudstad frå 1556 til 1658.

I tillegg til Taj Mahal, bygd av sjah Jahan til minne om yndlingskona hans Mumtaz Mahal, finst også Agra fort (1564–720), Perlemoskeen (1646–54) og Jama masjid (ca. 1575). Akbar den store sitt mausoleum ligg ei mil nord for byen. Både Taj Mahal og Agra fort er rekna som verdsarv av UNESCO. Nær Agra ligg også Fatehpur Sikri, ein annan verdsarvstad.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Agra

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Agra: by i India (2009, 14. februar). I Store norske leksikon. Henta 15. juli 2013.
Spire Denne geografiartikkelen som har med India å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.