Agurknytt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Agurk i medieverda tyder på at det er lite nytt å fortelja om.

Agurknytt er ei nemning for nyhendeoppslag om uviktige emne som typisk finn stad når det er agurktid, ei tid der det er lite anna nyhendestoff å rapportera om.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Omgrepet er gjerne knytt til ferietida om sommaren der det tradisjonelt skjer lite i politisk eller økonomisk samanheng. I tillegg til politiske organisasjonar og verksemder kan også erfarne leiarar og nyhendeformidlarar ha ferie. Dette medfører at stadfortredande leiarar kan ha mindre spelerom til å ta avgjersler eller koma med utsegner på den eine sida, og at mindre erfarne journalistar og vikarar kan ha vanskar med å finna og dekka stoff på den andre.

Ein del redaktørar og redaksjonsleiarar reknar omgrepet som ei unnskylding for dårleg journalistikk eller latskap. Fenomenet kan også forklarast med at folk gjerne les litt lette nyhende om sommaren, som saker om grønsaker eller vêret.[1]

Ordsoge og andre språk[endre | endre wikiteksten]

Omgrepet agurktid er kjend frå fleire europeiske språk. Det er kjend frå 1700-talet på tysk som Sauregurkenzeit og på engelsk som cucumber time. Den opphavlege bruken på engelsk, kjend frå ei forbryterspråkordliste, var knytt til skreddaryrket, kanskje til tida då skreddarane hadde lite å gjera. Den tyske bruken er blitt forklart med at det var på denne tiden agurkar var mogne og blei sylta og lagt på glas eller etne i store mengder, eller det skl vera ei forvansking av zoréss- und jókresszeit, eit løyndespråkord avleidd frå jiddisk zoro und joker, av hebraisk zarót og jakrút, ’liding- og dyrtid’.[2]

Frå midten av 1800-talet fekk omgrepet ei nærare tilknyting til avisene og småsakene dei gjerne dekka i sommarsesongen.[3] Tida er kjend som agurktid på ei rekkje språk, som agurketid på dansk, gúrkutíð på islandsk komkommertijd på nederlandsk, hapukurgihooaeg på estisk sezon ogórkowy på polsk, okurková sezóna på tsjekkisk, uhorková sezóna på slovakisk, uborkaszezon på ungarsk og onat ha'melafefonim (עונת המלפפונים ) på hebraisk. Tysk Sauregurkenzeit og slovenske čas kislih kumaric tyder 'sylteagurktid'.

Andre namn på tida er svensk nyhetstorka, tysk Sommerloch ('sommarholet'), fransk la morte-saison ('daudtida') eller la saison des marronniers ('kastanjetida') eller engelsk silly season ('tøysetida'). I engelsktalande land på den sørlege halvkula fell den «tøysete» sommarsesongen i juletida.

Agurknytt kan også kallast rötmånadshistoria på svensk eller mätäkuun juttu på finsk, som i omgrepet røtmånad (hundedagane). I Spania kan ein kalla slike nyhende ein serpiente de verano, 'sommarslange', noko som viser til historier om Loch Ness-monsteret og liknande som skal få fleire nyhendeoverskrifter om sommaren.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]