Ahmadiyya

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Nor Moské, ein aḥmadiyyāmoské på Frogner i Oslo.
Foto: Ranveig Thattai
Liwa-e-Ahmadiyya, flagget til Ahmadiyya
Mirza Ghulam Ahmad

Aḥmadiyyā (urdu احمدیہ‎ [aḥmadiyyā]) er den religiøse rørsla som vart starta av Mirza Ghulam Aḥmad (1835–1908) frå Qadian i Panjab i India. Mirza Ghulam Aḥmad var ein muslim som hevda å ha oppfylt kristne og islamske profetiar og som erklærte seg for å vera mudjaddiden (reformatoren) av islam for den moderne tida. Aḥmadiyyāene reknar seg som muslimar, og Mirza Ghulam Aḥmad kalla rørsla si Aḥmadiyyā muslim djamāt (samfunn) og såg ho som ei revitalisering av, heller enn ei erstatning for, islam.

Den opphavlege Aḥmadiyyā muslim djamāt vart splitta i to separate grupper etter at Mirza Ghulam Aḥmad døydde. Desse to gruppene er kjente som Aḥmadiyyā-muslimsamfunnet og Lahore aḥmadiyyārørsle (Aḥmadiyyā Andjuman Isjāt-i-islām). Dei to aḥmadigruppene skil seg ut frå kvarandre i dei spesifikke tolkingane av Aḥmad sine læresetningar og påstandar. Dei skil seg òg ut i synet på kven som skulle vera etterfølgjaren etter Mirza Ghulam Aḥmad og korleis ein slik etterfølgjar skal veljast. Fleirtalet av muslimar reknar ikkje Mirza Ghulam Aḥmad sine påstandar som gyldige, og mange muslimar reknar ikkje aḥmadiyyā som muslimar i det heile teke.

Muslimar skil ofte ikkje mellom dei to aḥmadigruppene, men kallar dei alle for qadianiar, eit omgrep som blir mislikt av aḥmadiyyāene sidan det har fått ein nedsettande biklang.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]