Aiguilles du Diable

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Aiguilles du Diable
Nordaustsida av Glacier du Géant. Gervasutti Couloir til høgre.

Nordaustsida av Glacier du Géant. Gervasutti Couloir til høgre.

Høgd over havet 4 114 m
Område Haute-Savoie i Frankrike
Fjellområde Mont Blanc-massivet
Koordinatar 45° 51′ 17″ N, 6° 53′ 26″ AKoordinatar: 45° 51′ 17″ N, 6° 53′ 26″ A
Aiguilles du Diable (Alpen)
Aiguilles du Diable
Førsteklatring 1923–1925

Aiguilles du Diable («Djevlenålene») er fem tindar over 4 000 moh som ligg i den franske delen av Mont Blanc-massivet på søraustegga (òg kalla «Djevleegga») av Mont Blanc du Tacul. Tindane og er frå den høgaste til lågaste L’Isolée (4 114 moh), Pointe Carmen (4 109 moh), Pointe Médiane (4 097 moh), Pointe Chaubert (4 074 moh) og Corne du Diable (4 064 moh).

Brégault, Chevalier og De Lépiney var dei første som klatra Pointe Carmen (1923). I 1925 gjekk Antoine Blanchet og Armand Charlet L’Isolée som dei første, deretter førsteklatra Armand Charlet og Jean Chaubert Corne du Diable og Pointe Chaubert. Til slutt gjekk Antoine Blanchet, Jean Chaubert, Armand Charlet og Devouassoud Pointe Médiane. Dei første som traverserte egga og alle tindane på ein tur var amerikanarane Miriam O’Brien og Robert Underhill med Armand Charlet i 1927.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]