Akaba

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Aila)
Denne artikkelen handlar om byen i Jordan. For byen på Vestbreidda, sjå 'Aqqaba.
Akaba
العقبة
by
Kallenamn: Brura ved Raudehavet
Land  Jordan
guvernement Akaba guvernement
Høgd moh.
Koordinatar 29°31′00″N 35°00′00″E / 29.5167°N 35°E / 29.5167; 35
Areal 375 km²
Folketal 106 800  (2011 es)
Folketettleik 285 / km²
Grunnlagd 3989 fvt.
Retningsnummer +(962)3
Kart
Akaba
29°31′00″N 35°00′00″E / 29.516666666667°N 35°E / 29.516666666667; 35
Wikimedia Commons: Aqaba
Nettstad: http://www.aqaba.jo

Akaba (arabisk العقبة, al-ʻAkabah , «Hinderet») er ein kystby i Jordan heilt nordaust i Raudehavet. Akaba er den største byen ved Akababukta og den einaste kystbyen i Jordan. Akaba er det administrative senteret i Akaba guvernement og eit stort turistmål i Jordan med gode badetemperaturar og rikt dyreliv i havet. Han er i dag mest kjend som ein badestad og dykkedestinasjon. Industri og handel er òg viktig i byen på grunn av den strategiske plasseringa som den einaste hamnebyen i landet.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Austporten (Egyptporten) i ruinane av den historiske byen Ayla.
Akaba fort bygd av mamlukkane på 1200-talet
Akaba arkeologiske musem.

Oldtida[endre | endre wikiteksten]

Akaba har vore busett sidan 4000 fvt. og har drege fordel av å ligge strategisk til ved handelsrutene mellom Asia og Afrika. Ein trur dei første innbyggjarane var edomittar. Han var eit senter for edomittane, og seinare dei arabiske nabatearane i første hundreåret fvt. Den eldste kjende teksten med arabisk alfabet er ein inskripsjon som er funnen i Jabal Ram 50 km aust for Akaba.

Bibelen omtalar området i 1 Kongbok 9:26: «Kong Salomo bygde ein flåte i Esjon-Geber, som ligg ved Eilat, i Edom-landet ved kysten av Sivsjøen.» Eilat, som var inspirasjon for namngjevinga av den israelske byen Eilat litt lenger opp kysten, refererer truleg til ein hamneby i jernalderen som låg der Akaba ligg i dag.

Dei ptolemaiske grekarane kalla han Berenike, og romarane Aila og Aelana.[1] Akaba nådde gullalderen sin i romartida, då den lange vegen Via Traiana Nova førte sørover frå Bostra via Amman, og enda i Akaba, der han var knytt til ein veg vestover til Filistia og Egypt. Kring 106 evt. var Akaba ein av dei største hamnene til romarane.[2]

Kort tid etter den islamske erobringa kom han under styret til det islamske kalifatet og dynastia til omajadane, abbasidane, fatimidane og mamelukkane. I den tidlege islamske tida vart byen Ayla bygd. Denne vart skildra av geografen Shams Eddin Muqaddasi som ein by ved sidan av den verkelege busetnaden, som låg i ruinar like ved. Ruinane av Ayla (grave fram i 1980-åra av amerikanske og jordanske arkeologar) ligg nokre få minuttar nord for hovudvegen ved kysten.

Somme eventyr i det kjende 1001 natt refererer til Sinbad som reiser til sjøs frå Ayla.

På 1100-talet kontrollerte kongedømet Jerusalem området og krossfararane bygde Helim-borga her, som er ganske godt bevart i dag. I tillegg bygde krossfararane festningsverk på den vesle øya Ile de Graye (i dag kjend som Faraoøya, nær kysten av Sinai), som i dag ligg i egyptisk farvatn, kring 7 km vest for Akaba.

I 1187 vart både Akaba og øya erobra av Saladin. Mamelukkane tok over i 1250 og bygde om fortet på 1300-talet under ein av dei siste mamelukk-sultanane, Qansah al-Ghouri.

På byrjinga av 1500-talet hadde Mamelukkdynastiet forsvunne og området kom under Det osmanske riket. I perioden som følgde vart byen mindre viktig, og var i 400 år ein liten fiskelandsby. Hamna i Akaba vart raskt viktig att etter at osmanarane bygde Hejazbanen, som knytte hamna til Damaskus og Medina.

Moderne historie[endre | endre wikiteksten]

I fyrste verdskrigen vart dei osmanske styrkane tvinga til å trekke seg ut av Akaba etter eit raid, kjend som slaget ved Akaba, leia av T.E. Lawrence (kjend som Lawrence av Arabia) og dei arabiske styrkane til Sharif Hussein i 1917. Området vart då ein del av Kongedømet Hejaz, styrt av prins Faisal. Erobringa av Akaba førte til at ein kunne opne forsyningslinjer frå Egypt til arabarane og dei britiske styrkane lenger nord i Transjordan og Palestina, og enno viktigare, stoppe den tyrkiske offensiven mot den strategisk viktige Suezkanalen.

Akaba vart avstått av britane til Transjordan i 1925.

I 1965 prøvde kong Hussein av Jordan å gje Akaba rom til å vekse med å byte landområde med Saudi-Arabia. Mot 6000 km² ørkenland i det indre av Jordan, gav Saudi-Arabia 12 km med kystlinje sør for Akaba. Dette gav òg Jordan tilgang til det flotte korallrevet Yamanieh.

Akaba var ei viktig importhamn for irakiske varer i 1980-åra, fram til Golfkrigen.

Klima[endre | endre wikiteksten]

Akaba har eit ørkenklima med ein varm vinter og steikande, tørre somrar.

Vêrdata for Akaba
Jan Feb Mar Apr Mai Jun Jul Aug Sep Okt Nov Des År
Gjennomsnittleg maks °C 20,5 22,2 25,7 30,7 35,1 38,4 39,4 39,1 36,4 32,7 27 21,8 30,8
Gjennomsnittleg min °C 8,9 10,1 12,9 17 20,7 23,6 25,1 25,3 23,3 19,9 14,9 10,3 17,7
Gjennomsnittleg nedbør mm 4,9 5,2 4,6 3,4 1 0 0 0 0 1,8 3 7,7 31,6
Gns. dagar med regn 2 1,4 1,5 0,8 0,5 0 0 0 0 0,6 0,9 1,9 9,6
Kjelde: World Meteorological Organization[3]

Turisme[endre | endre wikiteksten]

Korallrev i Akaba. Akababukta er ein av dei fremste dykkedestinasjonane i verda.

Akaba er kjend for strendene og dei luksuriøse hotella, og mange turistar kjem hit for å dykke, i tillegg til andre vassportar som brettsegling og snorkling. Her finst mange kafear som tilbyr mansaf, knafeh og baqlawa. Det tyrkiske badet (Hamam) bygd i 306 evt. er òg ein populær stad for både lokale og turistar. Akaba og Wadi Rum held kvart år Distant Heat Festival, ein årleg musikkfestival med elektronisk dansemusikk. Han finn stad 31. juli og 1. august kvart år med DJar frå Jordan, Midtausten og andre stader i verda.

Ei strand i Akaba.

I 2006 var det 432 000 turistar som vitja Akaba. Kring 65 %, eller 293 000 av turistane var jordanske, medan kring 98 000 var europearar.[4]

I nasjonale høgtider kjem jordanarar frå nord, særleg frå Amman og Irbid, til dei luksuriøse badestadane og sandstrendene her. I desse høgtidene kan det vere heilt utseld på hotella her.

Akaba.

King Hussein internasjonale lufthamn har fleire ruter til utlandet og ligg like ved Akaba. Frå her er det ruter til Amman, Sharm el-Sheikh, Dubai og Alexandria, i tillegg til fleire destinasjonar i Europa.

Venskapsbyar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Maihew 2006, s. 218
  2. «Atlas Tours». Atlas Tours. Henta 6. oktober 2015. 
  3. World Meteorological Organization
  4. «Final Ann Rep Eng» (PDF). Henta 6. oktober 2015. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Akaba