Aimo Kaarlo Cajander

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Aimo Kaarlo Cajander

Fødd4. april 1879
Nystad
Død21. januar 1943
Helsingfors
NasjonalitetFinland
Yrkebotanikar, politikar, skogbruksforsker, universitetslærar, skribent
InstitusjonarHelsingfors universitet
Alma materHelsingfors universitet
Ludwig-Maximilians-Universität München
MedlemDet ungarske vitskapsakademiet

Aimo Kaarlo Cajander (4. april 187921. januar 1943) var ein finsk forstmann, botanikar og statsmann, fødd i Nystad. Mellom 1922 og 1939 leia han tre finske regjeringar, mellom anna regjeringa som styrte Finland til utbrotet av Vinterkrigen.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Botanikk og skobruk[endre | endre wikiteksten]

Cajander studerte biologi frå 1903, året etter byrja han studere skogbruk ved Universitetet i München. Frå 1911 til 1934 var han professor i skogvitskap og skogbruk ved Helsingfors universitet, og frå 1934 til 1943 var han generalsekretær for Finlands skog- og parkvesen.

Han laut på fleire vitskaplege reiser til Olonets, Onega, Kvitsjø-området og Sibir, samt til ulike delar av Sentraleuropa. På desse turane studerte han særleg utviklinga av torvmyrane, innvandringsvegane til plantane og tilhøvet mellom klima, jordsmonn og vegetasjon samt ulike skogstypar. Særleg gjorde han «verdfulle granskingar av dei ymse skogtypane»[1] og er opphavsmann til den såkalla skogstypelæra.

Politikk[endre | endre wikiteksten]

Frå 2. juni til 14. november 1922 var Cajander Finlands statsminister. På ny statsminister i ei kortliva regjering 18. januar til 31. mai 1924. I 1927 melde Cajander seg inn i det sosialliberalistiske Nasjonalt Framstegsparti, der han var partiformann frå 1933 til han døydde ti år seinare. Forsvarsminister 1928-29 og medlem i den finske riksdagen 1929-33 og 1936-43.

12. mars 1937 tok Cajander over statsministerposten for tredje gong, no som leiar av ei fleirtalsregjering beståande av Sosialdemokratane, Svenska folkpartiet, Agrarförbundet (Centern) og hans eige Nasjonalt Framstegsparti. Regjeringa vidareførte nedrustningspolitikken så langt at då Sovjetunionen 30. november 1939 invaderte Finland, måtte mange av soldatane gå i krigen i eigne klede og med eige gevær. Dette gav opphav til uttrykket Model Cajander, om ein dårleg utstyrt hær. Cajander gjekk av 1. desember 1939, etter å ha vorte møtt med sterk kritikk av Väinö Tanner, som tok over som finsk statsminister.

Notar[endre | endre wikiteksten]

  1. Norsk Allkunnebok: II. bandet

Kjelder[endre | endre wikiteksten]