Hopp til innhald

Aintree

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Aintree
by
Land  England
Region Merseyside
Distrikt Sefton
Folketal 6 689 (2011)
Postnummer L9, L10
Retningsnummer 0 151
Kart
Aintree
53°28′45″N 2°56′14″W / 53.4793°N 2.9373°W / 53.4793; -2.9373
Wikimedia Commons: Aintree

Aintree er ein by og eit verdsleg sokn i distriktet Sefton i Merseyside i England. Han ligg mellom Walton og Maghull, rundt 10 kilometer nord for Liverpool sentrum.

Aintree i 1955.

Byen er best kjent som heimstad for hesteveddeløpsbanen Aintree Racecourse, som sidan 1800-talet har arrangert hesteløpet Grand National. På 1950- og 1960-talet var det òg ein fem kilometer lang motorsportbane på staden, som brukte dei same tribunane som hesteløpet. Ei kortare utgåve av banen blir framleis brukt til forskjellige arrangement, men billøp vart det slutt med i 1982.

Byen var historisk ein del av Lancashire, og namnet Aintree, som ein rekna kjem av saksisk opphav, med tydinga «eitt tre» eller «tre som står aleine».

Leeds and Liverpool Canal går gjennom byen.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Aintree