Aipysurus eydouxii

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Aipysurus eydouxii
Aipysurus eydouxii
Aipysurus eydouxii
Status
Status i verda: LC Livskraftig
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Krypdyr Reptilia
Orden: Skjelkrypdyr Squamata
Overfamilie: Elapoidea
Familie: Elapidae
Underfamilie: Hydrophiinae
Slekt: Aipysurus
Art: A. eydouxii
Vitskapleg namn
Aipysurus eydouxii

Aipysurus eydouxii er ein havslange som berre et fiskerogn. Han finst mellom anna i Australia.

Gifta til A. eydouxii er 50 til 100 gonger veikare enn giftene til andre slangar i slekta, og det er mogeleg at slettinga av to nukleotid i eit gen for trefingertoksin (mogelegvis det einaste trefingertoksingenet slangen uttrykkjer) kan ha ført til dette. Nukleotidslettinga gav ei forskuving i leseramma og ei avstytting av proteinproduktet, slik at det berre vart ein tredjedel so langt og ikkje verksamt.

Slangen har òg dårlegare hoggtenner og giftkjertlar enn tilsvarande slangar, noko som i lag med den veikare gifta kan tydast som evolusjonære tilpassingar til den nye rognedietten.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]