Hopp til innhald

Airbus Beluga

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Airbus A300-600ST Beluga

TypeFraktfly
ProdusentAirbus, EADS CASA, EADS EFW, Hamble Aerostructures, Dornier Flugzeugwerke, Latécoère, EADS Sogerma
Fyrste flyging13. september 1994
Introdusertoktober 1995
Tal produsert5
Mannskap2
Vengespenn44,84 meter
Toppfart467 knop
Marsjhøgd10 668 meter

Airbus Beluga er eit lastefly utvikla og bygt av Airbus for å frakta delar til Airbus-fly mellom ulike fabrikkar. Dei fleste delane vert frakta frå fabrikkar rundt omkring i Europa til montering i Frankrike. Flyet flaug første gong i 1994 og har vore i bruk sidan 1995. På grunn av flyet sin storleik, har det òg hatt litt andre transportoppdrag; det mest kjende er at flyet vart brukt til å frakta eit sentralt maleri i fransk kultur, Fridomen leier folket, til ei utstilling i Japan, og sidan henta det heimatt når utstillinga var ferdig.