Airlift

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Eit Airlift-helikopter står parkert på Ørsta/Volda lufthamn, Hovden.

Airlift er eit norsk helikopterføretak som er basert på Førde lufthamn, Bringeland i Gaular kommune. Det er i dag det leiande helikopterselskapet i Noreg. Airlift er eigd av Blueway, som igjen er eigd av Reiten & Co, Skogstad Corporate og Helicopter Transportation Group.

Om verksemda[endre | endre wikiteksten]

Airlift har i dag ein flåte på 17 helikopter, og om lag 80 tilsette. [1] I tillegg til hovudbasen på Bringeland, har Airlift basestasjonar i Kinsarvik og på Longyearbyen.

Verksemda vart skipa av Thorbjørn Lie i 1986 under namnet Eeg-Henriksen helikopter. Airlift tok over kontrakten med flyging for Sysselmannen på Svalbard frå Helikopterservice AS i 1996. I 1999 kjøpte dei opp Helikopterteneste AS, som var basert i Kinsarvik i Hardanger. Airlift hadde kontrakt med Rikstrygdeverket om luftambulanseflyging med helikopter fram til 2002, då Norsk luftambulanse tok over denne tenesta.

Ulukker[endre | endre wikiteksten]

Airlift har ein lei ulukkesstatistikk. Dei har vore involvert i 9 ulukker i tidsrommet 1996 - 2011, der til saman 13 personar omkom. Den mest alvorlege Airlift-ulukka til no, er helikopterulukka ved Dalamot 2011, den 4. juli, då alle dei fem ombord omkom. [2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]