Airto Moreira

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Airto Moreira
Airto Moreira.jpg
Fødd 5. august 1941
Itaiópolis
Airto Moreira på Commons

Airto Moreira (fødd 5. august 1941) er ein brasiliansk perkusjonist som var sentral i danninga av fusionjazzen i 1970-åra.

Airto vart fødd i ein landsby i Brasil. Her han viste musikalsk talent frå ung alder, og som sekstenåring flytta han til Sao Paulo, der han opptredde på nattklubbar og TV-sendingar som vokalist, perkusjonist og trommeslagar. I 1967 reiste han til New York med kona si, vokalisten Flora Purim. I USA kom han raskt i kontakt med kjende musikarar som Canonball Adderley og Joe Zawinul. I 1970 var han med på innspelinga av Miles Davis sitt Bitches Brew-album, og han vart fast medlem i Davis sitt band i to år. Etterpå vart Airto med i den første utgåva av bandet Weather Report saman med Zawinul, Wayne Shorter, Miroslav Vitous og Alphonse Mouzon. Han spelte inn ei plate med bandet før han byrja i Chick Corea sitt band Return to Forever saman med Purim. Både Weather Report og Return to Forever vart vidgjetne band, noko som stadfestar Airto si sentrale rolle i utviklinga av fusionsjangeren.

Saman med Purim starta Airto i 1974 bandet Fingers. Dette var hans første forsøk som bandleiar for eit band i USA. Sidan den gongen har hovudvekta av Airto sitt arbeid vorte gjort saman med Purim. I tillegg har han også vore medlem av Mickey Hart sitt perkusjonsensemble Planet Drum.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]