Aitcho Islands

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Koordinatar: 62°24′48″S 59°46′12″W
Aitcho Islands
øygruppe
Aitcho-Islands-location-map.PNG
Plasseringa til Aitcho Islands i Sør-Shetlandsøyane.
Land Proposed flag of Antarctica (Graham Bartram).svg Antarktis
Øygruppe Sør-Shetlandsøyane
Stad Antarktis
 - koordinatar 62°24′48″S 59°46′12″W
Folketal 0
Administrert under Antarktistraktaten
Aitcho Islands is located in Antarktis
Aitcho Islands (Antarktis)

Aitcho Islands («Aitcho» kjem av den engelske uttalen av «H.O.» som står for Hydrographic Office) er ei gruppe mindre øyar på vestsida av det nordlege innløpet til English Strait mellom Greenwich Island og Robert Island i Sør-Shetlandsøyane i Antarktis, som ligg mellom Dee Island i sør og Table Island i nord. Gruppa er skild frå Dee Island og Sierra Island i sørvest av Villalón Passage (62°24′48.3″S 59°46′12.3″W). Området vart ofte vitja tidleg på 1800-talet av engelske og amerikanske selfangarar opererte frå nærliggande Clothier Harbour. Under den sørlege sommaren vert øyane ofte vitja av cruiseskip i Antarktis slik at turistane får sjå på dyrelivet på øya.

Øyane vart kartlagde i 1935 under dei oseanografiske undersøkingane gjort av Discovery Committee, og kalla opp etter Hydrographic Office i Det britiske admiralitetet.[1] Somme av øyane fekk namn av chilenske antarktisekspedisjonar mellom 1949 og 1951.

Øyar[endre | endre wikiteksten]

Topografisk kart av øyar i området der Aitcho Islands ligg. Greenwich og Robert Island med Aitcho Islands imellom ligg til høgre.
Barrientos Island frå English Strait.

Øyane og somme kjende klipper i Aitcho-øyane er:





Plante- og dyreliv[endre | endre wikiteksten]

Av fugleartar på øyane finn ein ringpingvin og bøylepingvin, kjempestormfugl og storjo. Sørleg elefantsel er dei største dyra på øyane. Her finst òg mykje lav og mosar.[2]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]





Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Aitcho Islands.
  2. Aitcho Islands (AITC). Oceanites.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]