Aivar Rehemaa

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Aivar Rehemaa
REHEMAA AivarTour de Ski 2010.jpg
Fødd 28. september 1982
Tartu
Yrke langrennsløpar, fotballspelar
Aivar Rehemaa på Commons

Aivar Rehemaa (fødd 28. september 1982 i Tartu) er ein estisk langrennsløpar.

Rehemaa kjem frå ein langrennsfamilie. Tanta Rutt Rehemaa er ein tidlegare langrennsløpar, og mor til den internasjonale stjerna Kristina Šmigun-Vähi og den tidlegare juniorverdsmeisteren Katrin Šmigun. Rehemaa vert trena av onkelen sin, den dobbelte juniorverdsmeisteren frå 1972, Anatolij Šmigun.

Under junior-VM 2002 i Schonach, stod Rehemaa for ei stor overrasking. På 30 km klassisk fellesstart greidde han å lausrive seg frå konkurrentane fleire kilometer før mål, og vann med over 20 sekunds forsprang. Det var den fyrste juniortittelen ein estisk herreløpar hadde vunne. Han deltok også på 10 km fristil, der han vart nummer 27.

Rehemaa fekk debuten sin i verdscupen i februar 2001 i Otepää, der han vart nr. 61 av 65 deltakarar. Frå sesongen 2002/03 var han regelmessig med i verdscuprenn, og i januar 2003 tok dei fyrste poenga sine ved å verte nr. 27 på 30 km klassisk fellesstart i Otepää. To veker seinare vart han nr. 24, igjen i klassisk fellesstart. Desse resultata gjorde at han vart teken ut til VM i 2003 i Val di Fiemme. Der vart han nr. 19 på den klassiske tremila, som vart arrangert med fellesstart. På sprintdistansen, som vart arrangert i fristil, vart han nr. 41, og på jaktstarten vart han nr. 42. Han gjekk også for det estiske stafettlaget, som vart nummer 8.

I dei påfølgjande åra stagnerte utviklinga til Rehemaa, og berre sjeldan greidde han å ta eitt og anna verdscuppoeng. Han vart likevel teken ut til OL i 2006 i Torino. Der vart det beste resultatet hans ein 32. plass i jaktstarten. Den same plasseringa fekk han under VM i 2007 i Sapporo på 50 km klassisk.

Fyrst i sesongen 2007/08 stabiliserte han prestasjonane på eit høgare nivå, og plukka jamleg verdscuppoeng. Det beste resultatet hans i eit verdscuprenn til no er fjerdeplassen i prologen på Tour de Ski 2008/09, der han var tre tidels sekund for seint ute til å ta tredjeplassen (som gjekk til Petter Northug).

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]