Ajía Dynatí

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ajía Dynatí
Αγία Δυνατή
fjell
none
Land Flag of Greece.svg Hellas
Område Kefaloniá
Høgd 1 131 moh
Koordinatar 38°15′57″N 20°32′53″EKoordinatar: 38°15′57″N 20°32′53″E

Ajía Dynatí (gresk Αγία Δυνατή, Sankt Dynati) er det nest høgaste fjellet på Kefaloniá (1 131 moh) etter Énos (Mavrovounó). Det er óg det tredje høgaste fjellet i Dei joniske øyane etter Énos og ElátiLevkáda. Mellom fjellet sine toppar er det små høgsletter der den største heiter Fálari. Fálari har rykte på seg for å produsere den beste fetaosten i Hellas.

Fjellet strekkjer seg over kommunane Palíki, Pýlaros, Sámi og Argostóli. Ved Ajía Dynatí på 1500-talet vart det bygd eit kloster kalla Panajía Themáton. Mange tradisjonelle landsbyar, som Makryótika, Divaráta og Pouláta, ligg i fjella.

I mytologien er Ajía Dynatí steinen som Kronos kasta på Jorda etter Zevs fekk makt. Rhea, kona til Kronos, gav han steinen inntulla i klede for at han skulle ete han, fordi Kronos hadde ete alle borna hennar. Då Kronos svelde steinen fekk han vondt. Rhea kunne då føde bornet hans Zevs på Kreta utan at Kronos visste om det. Då Zevs fekk makt kommanderte han Kronos til å kaste steinen til Jorda i lag med borna han hadde ete. Opphavet til Ajía Dynatí, Sank Dynati, er ukjend sidan det ikkje finst nokrekjende helgenar med dette namnet.

Mange italienarar vart drepne av tyskarar på Ajía Dynatí under den berykta massakeren av divisjon Acqui.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]