Aji Chay

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Aji Chay
Talkheh-Roud
elv
Aji chay.jpg
Land Flag of Iran.svg Iran
Provins Aust-Aserbajdsjan
Lengd 265 km
Munning Urmiasjøen

Aji Chay
37°45′ N 45°42′ E
Wikimedia Commons: Talkheh River

Aji Chay[1] (aserbajdsjansk Acı çay, persisk تلخه رود) eller Talkhe Rud, er ei elv i det nordvestlege Iran. Det meste av elva renn gjennom Aust-Aserbajdsjan.

Vatnet i elva er alkalisk fordi ho renn gjennom område med høgt mineralinnhald. Ho er den største elva som munnar ut i Urmiasjøen. Elva spring ut oppom Sarab i sida av fjella Bozgush Kuh og Sabalan. Sideelva Quri Chay renn saman med Aji like aust for sentrum av Tabriz.

Den historiske Aji Chay-brua over elva, langs den gamle Tabrizvegen til Marand, er like utafor Tabriz og aust for Tabriz internasjonale lufthamn.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Ehlers, E. (29. juli 2011). «ĀJĪ ČĀY». Encyclopædia Iranica. Henta 8. april 2021. 
  2. Aust-Aserbajdsjan Tourism Organization, Talkheh-Roud Bridge (på persisk)